SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 273 skann 275

273 til skolen som avgjer kva valfag ein skole kan tilby. Utforminga av konkrete planar må skje ved kvar einskild skole. Det er ein del av det lokale læreplanarbeidet. Ressursane til skolen, som tilgang på kvalifiserte lærarar, høvelege lokale, formålstenleg utstyr og talet på elevar som melder seg til kursa, kan verke inn på valfagtilboda frå tid til tid. Det er viktig at ein tek omsyn til og utnyttar dei tilboda som finst i lokalmiljøet, slik at valfagtilbodet og kan bere preg av lokale forhold. Aktuelle samarbeidspartar for skolen kan vere foreldre, institusjonar, organisasjonar, foreiningar eller arbeidslivet. Same kven samarbeidspartneren er, står skolen ansvarleg for å gjennomføre undervisninga. Interessene og behova til elevane må stå sentralt når det gjeld valfagtilbod. Lærarane, særleg klassestyrarane, må drøfte dette med elevane for å kartleggje interessene. Den prosessen bør gå heile tida. Klasse- og elevrådet er og naturlege organ for slike drøftingar, og spørsmålet bør takast opp på foreldremøte. Informasjon til elevar og føresette om valfagordninga i skolen bør gjevast i god tid før elevane skal velje fag. Informasjonen bør mellom anna innehalde oversyn over dei valfaga skolen tilbyr, og opplysningar om den praktiske gjennomføringa av kursa. Informasjonen bør vere skriftleg, slik at elevar og føresette kan studere han og diskutere tilboda. Samtidig som elevane bør få velje mest mogleg fritt mellom dei valfaga skolen tilbyr, bør skolen motivere jenter og gutar slik at vala deira ikkje vert dominerte av kjønnstradisjonar. Lokale valfagplanar - innhald og oppbygging Undervisninga i valfag må følgje ein gjennomtenkt plan som må lagast lokalt for kvart einskilt fag. Dei lokale valfagplanane bør om råd byggjast opp etter denne disposisjonen: Formål, grunngjeving Formålet for valfaget skal grunngje den plassen faget har i skolen, og gje svar på kvifor elevane arbeider med det. Formålet for det einskilde valfaget må formast på grunnlag av det generelle formålet som er nemnt lenger framme. Mål Målet for valfaget skal gje retninga for arbeidet, og vere i samsvar med dei overordna måla for skolen. Det må formast på grunnlag av det generelle målet for valfag som er nemnt framanfor. Lærestoff og progresjon Planen må opplyse kva lærestoff elevane skal arbeide med. Oppføringa av lærestoffet bør følgje same mønsteret som i planane for dei obligatoriske faga, dvs. at lærestoffet bør ordnast i hovudemne og delemne. Dersom undervisninga skal gå over fleire år, bør det førast opp korleis lærestoffet skal fordelast på klassestega.
Skann 275 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 273». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/275/