SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 272 skann 274

KAPITTEL 33 272 RAMMEPLAN FOR VALFAG Elevane skal ha høve til å velje fag og emne etter eigne ønske og behov innanfor det tilbodet kvar skole gjev. Såleis vert det i større grad mogleg for elevane å bruke og styrkje kunnskapar og dugleik innanfor interesseområda deira. Det kan og vere område i tilknyting til dei obligatoriske faga som elevane ønskjer å fordjupe seg i. Men valfaga skal ikkje vere tilleggs- eller ekstraundervisning i desse faga. Det at elevane får sjansen til å velje fag og emne som særleg interesserer dei, kan føre til at dei trivst betre i skolen og at dei får ei meir positiv innstilling til skolearbeidet. Dermed kan skolen i større grad gjere sitt til at elevane får realisert evnene sine, og såleis fremje utviklinga til kvar elev og stimulere til utfalding. Valfaga kan formast etter lokale ønske og behov, og slik kan ein få til betre kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet, og gjere læringa meir røyndomsnær og meiningsfylt for elevane. Mål Undervisninga i valfag skal ta sikte på - å fremje utviklinga og trivselen til elevane og stimulere til utfalding ved at elevane får arbeide med fag og emne ut frå eigne interesser og behov - å utvikle allmenne og yrkesførebuande kunnskapar og dugleik - å stimulere til meiningsfylte fritidsaktivitetar - å gjere skolen røyndomsnær og meiningsfylt ved å nytte kjelder til læring som finst i lokalmiljøet Valfag er ein del av den obligatoriske undervisninga, og fridommen til å velje avgrensar seg til val av fag og emne. Elevane kan ikkje la vere å ta del i valfagtimane. Det er særleg dei lokale forholda, vilkåra ved kvar einskild skole og i nærmiljøet
Skann 274 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 272». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/274/