SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 271 skann 273

271 og hushald fyrst knytt til innkjøp av daglegvarer, matlaging og reingjering. Elevane må og få eit medvite forhold til eige forbruk. Seinare må undervisninga peike fram mot kjøp og finansiering av eigen bustad. Budsjett bør setjast opp, og ulike betalingsmåtar vurderast. Det er viktig å få eit realistisk syn på eigen økonomi og kjøpekraft. Elevane må få kjennskap til kva rettar og plikter forbrukarane har ved kjøp og sal. 4.-6. klasse Pengar og økonomi: Kva vi får for pengane våre, sparing, kva utstyr kostar, felles ansvar for familieøkonomien, å ta vare på ting. Praktiske innkjøp. Reklame og forbrukarrettleiing: Korleis reklame verkar, vurdering av behov, varefakta, vurdering av pris i forhold til kvalitet. Rettane og pliktene til forbrukarane: Lover og føresegner ved kjøp og sal, angrefrist, reklamasjonsrett. Trygging av verdiar i heimen: Fornuftig bruk og behandling, sikring mot brann, innbrot og skadar. Bruk av ressursar, vårt ansvar: Bruk og kast, ombruk. Vedlikehald. Ureining. Vårt ansvar overfor verdssamfunnet og komande generasjonar. Praktiske miljøvernoppgåver. Familieøkonomi, budsjett: Økonomisk planlegging, ulike betalingsformer, vurdering av behov i forhold til kjøpekraft, økonomisk ansvar. Trygding. Påverknad, kjøpepress: Forbrukarrettleiing, reklame, marknadsføring, motar, statusjag. Respekt og ansvar for eigne og andre sine eigneluter. Økonomi i hushaldninga: Rasjonelle innkjøp, bruk av halv- og heilfabrikat for å spare tid, bruk av restar, bruktkjøp, omsaum. Kjøpslova: Klagerett, klageinstansar, kjøp på avbetaling, låne- og betalingsformer, marknadsføringskontroll, kontraktar. Ureiningsproblem: Hushaldningsavfall, attvinning, bruk av emballasje som ikkje vert broten ned i naturen, fosfat og andre stoff frå hushaldningar. Praktiske miljøvernoppgåver. Praktiske oppgåver: Innkjøp til skolekjøkken. Kantineteneste. Baking og anna førebuing av arrangement på skolen. Gå ærend for andre. 7.-9. klasse
Skann 273 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 271». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/273/