SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 270 skann 272

270 og øve seg i å ta del i dei daglege arbeidsoppgåvene. Dei må lære å forstå at gode reiskapar, lettstelte heimar og rasjonell kroppsbruk aukar arbeidslysta. På ungdomssteget bør undervisninga rettast mot eigen, framtidig heim. Det må leggjast vekt på å vurdere innreiing og utstyr i forhold til funksjon, kvalitet, design, smak, pris og stell. Det må understrekast kva form, overflate og farge har å seie for stell og vedlikehald. Elevane må lære å vurdere kva som verkar inn på arbeidsmengda og tyngda av arbeidet. Når elevane går ut av grunnskolen, bør dei ha kunnskapar nok til å kunne ta ei storreingjering, og dei bør kunne sjå når det trengst. Men det trivselsskapande arbeidet må ikkje gå tapt i reingjeringshysteri. Ressursforvaltning, ureining, tryggleik i bustaden og barnevennlege utemiljø må takast opp særskilt. (Jf. kapittel 14, Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid og kapittel 30, Forming.) 4.-6. klasse Innbu og utstyr i ein heim. Bustader og buformer i andre kulturar: Klimatiske forhold, økonomiske og kulturelle forhold. Reinhald og vedlikehald i ein heim: Eigen garderobe, tekstil i heimen. Rydding og reingjering. Heimeoppgåver. Vurdering av motar, ønske og behov. Ureining og forsøpling: Søppel, rot, lukt- og luftureining, vassureining og lydureining. Heimeulukker: Førebygging og fyrstehjelp. Praktiske oppgåver: Enkle vedlikehaldsoppgåver på skolen. Utsmykking. Ansvar for plantar ute og inne. Utforming av leikeområdet. 7.-9. klasse Innreiing: Tilpassing til ulike brukargrupper, materiale, kvalitet, design, pris. Ulike buformer: Kjøp, finansiering og bukostnader, krav til ein god bustad. Reinhald og vedlikehald av ein heim: Dagleg vedlikehald, å ta vare på tinga, dagleg og meir omfattande reinhald og reparasjonar. Kjemiske hushaldningsmiddel: Verkemåtar og bruk, merking og lagring, skadeverknader på menneske og miljø. Ureining og forsøpling: Verknader på menneske og miljø. Heimeulukker: Sikring, innreiing og utstyr. Praktiske oppgåver: Rydding og reingjering heime og på skolen. Halde orden i utemiljøet rundt skolen. Hjelpe andre. Praktisk innreiing i klasserommet. FAMILIEØKONOMI, FORBRUK OG HUSHALD Emnet skal gje elevane grunnlag for ei nøktern vurdering av varetilbod og av forholdet mellom pris og kvalitet. Det skal og leggjast vekt på å gje elevane eit reelt forhold til personleg økonomi, familieøkonomi og samfunnsøkonomi. Respekt for verdiar må øvast inn tidleg, og det er viktig at elevane vert klare over skilnaden mellom ønske og reelle behov. Etter kvart som lesedugleik og pengeforståing aukar, bør evna til å nytte varefakta og forstå varedeklarasjonar øvast opp. Auka pengemedvit og vurderingsevne gjer det mogleg for elevane å sjå pris i forhold til kvalitet. Slik kan elevane verte i stand til å vurdere reklame og motepress på ein nøktern og sjølvstendig måte. Fornuftig bruk av ressursar bør understrekast. På ungdomssteget vert forbruk
Skann 272 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 270». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/272/