SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 269 skann 271

269 svekt tannhelse og fordøyings- og stoffskiftesjukdommar. Derfor er det viktig å lære elevane kor nødvendig eit riktig og balansert kosthald er. Det er samtidig viktig å peike på kor viktig mat og matkultur er som trivselsskapande faktor. Gjennom matlaginga får ein konkretisert lærestoffet. Å lage mat er eit triveleg arbeid som gjev eit synleg og velsmakande resultat. Det er fint dersom elevane får praktisere dugleiken sin heime. På foreldremøte kan heimkunnskapslæraren orientere om kva elevane har lært, og oppmode foreldra om å la dei sleppe til heime. Elevane på ungdomssteget skal snart overta ansvar for sitt eige kosthald. Dei må få solide kunnskapar om kva næringsverdi matvarene har. Dei må lære å setje saman eit allsidig måltid, også ved å bruke halv- og heilfabrikat. Elevane skal kunne forstå informasjon i ein varedeklarasjon. Gatekjøkkenmat er eit viktig tema. I praktiske aktivitetar på skolekjøkkenet er det viktig å leggje vekt på planlegging, organisering og sjølvstendig arbeid med tanke på eiga, framtidig hushaldning. 4.-6. klasse Kostpyramiden. Kostsirkelen: Næringsstoff, sunn mat, usunn mat, veksemat, arbeidsmat, vitamin, jern, kalsium. Måltidet som trivselsfaktor: Kvardagsmat, festmat, fellesskap ved og ramme om måltidet, fordøying, velvære. Mat i Noreg og i andre land: Mattradisjonar, matvaresituasjonen i verda, overforbruk, underernæring, feilernæring. Praktisk skolekjøkken - matlaging: Enkel middagsmat, supper (frukt, grønsaker), enkle salatar, steiking av fisk og kjøt, enkel gjærbakst, røre (pannekaker, vaflar). 7.-9. klasse Praktisk skolekjøkken - matlaging: Planlegging og gjennomføring av måltid. Lagringsmåtar, frysing, konservering, sylting og safting. Enkel middagsmat. Baking. Seriematlaging. Kostsirkelen: Næringsstoff, vitamin, mineral. Matvarer og næringsverdi, bruk av matvaretabell. Ernæringspolitikk. Næringsbehov i ulike livsfasar og situasjonar: Hybelmat, gatekjøkken, næringsbehov ved graviditet, diett ved sjukdom, kost for eldre. Mat i i-land og u-land: Overforbruk, underernæring, feilernæring. Rettferdig fordeling. Mat, pris, budsjett: Vurdering av mat i forhold til pengar, tid og krefter. Bruk av restar. Mat frå naturen: Krydderplantar, nesle, sopp, bær, skjel o.a. Bær- og soppturar. BUSTAD OG MILJØ Arbeidet tek sikte på å gjere elevane sjølvstendige og i stand til å meistre den praktiske kvardagen. Den praktiske delen av emnet bør leggjast opp slik at elevane får høve til å øve seg heime. I ein heim er det nødvendig å samarbeide og fordele dei daglege gjeremåla. Barna må lære å halde orden og gjere det reint og triveleg rundt seg. Barna må fyrst lære seg til å ha ansvar for sitt eige og ta omsyn til andre. Seinare vil dei kunne sjå ut over seg sjølv, identifisere seg med familien og heimen,
Skann 271 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 269». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/271/