SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 268 skann 270

268 hjelpetiltak av private organisasjonar. Behov, styrke og veikskapar i dei ulike livsfasane. Kosthald, levevis og helse. Vurdere innkjøp etter behov og evne, økonomi og ressursforvaltning. Miljøvern, omtanke i konkrete praktiske handlingar. Å sjå alternative løysingar. HELSE OG HYGIENE Emnet skal vere med på å gje elevane kunnskapar, dugleik og forståing som kan hjelpe dei til å ta vare på den fysiske, psykiske og sosiale helsa si, og leggje grunnlag for trivsel og utvikling. Vår tid er prega av stress og livsstilssjukdommar. Det er viktig å skape forståing for samanhengen mellom livsstil og helse. Å snakke saman, gjere noko saman og å vise omsorg for kvarandre er viktige føresetnader for å ta vare på god helse. Riktig tillaga sunn mat, regelfaste og trivelege måltid har mykje å seie. God hygiene i alle samanhengar er med og legg grunnlaget for helse og trivsel. 4.-6. klasse Kroppen vår: Korleis kroppen verkar, korleis halde seg frisk, om å godta kroppen. Tannvern. Riktige arbeidsstillingar. Levemåten vår: Kost og ernæring, fysisk aktivitet, svevn, orden og rytme i kvardagen, reinsemd, personleg hygiene, skadelege stoff (ANT). Sjukdommar: Barnesjukdommar, allergiar og astmatiske lidingar, sjukdom og diett, smittefare, mikroorganismar. Utviklingspsykologi: Kunnskap om seg sjølv, om å godta kjenslene sine, om å verte trygg på seg sjølv. Eg sjølv og dei andre. Hygiene: Reingjeringsmiddel, korleis vi bruker og oppbevarer dei, reinhald som gjev trivsel. 7.-9. klasse Kroppen vår: Oppbygging og funksjon, føresetnader for at kroppen skal fungere Tannvern. Ergonomi. Levemåten vår: Kost og ernæring, fysisk aktivitet, reinsemd, personleg hygiene skadelege stoff (ANT). Sjukdommar: Livsstilssjukdommar, miljøskadar, allergiar, kjønnssjukdommar, sjukestell i heimen, førebyggjande helsearbeid, hjelpeinstansar. Utviklingspsykologi: Pubertet, verte vaksen, dei ulike behova våre, sosialt samspel. Heimeulukker: Årsaker, førebygging. Farlege stoff og ting, tryggingsutstyr, fyrstehjelp. Hygiene: Hygiene i heimen, kjøkkenhygiene, matvarehygiene, hygiene og trivsel. Lover og forskrifter. KOST OG ERNÆRING Undervisninga skal stimulere til sunt og godt kosthald. Mat og drikke gjev kroppen dei stoffa som er nødvendige for vekst og vedlikehald, og hjelper på same tid dei ulike organa til å fungere normalt. Barna skal verte oppdregne til måtehald og til å føle ansvar for andre. Det skal ikkje vere sjølvsagt at vi lever i overflod, mens barn og vaksne i andre land svelt. Som deltakarar i verdssamfunnet må vi sjå ernæringsspørsmål i vidare perspektiv. Overforbruk og übalansert kosthald har gjeve auke i hjarte- og karsjukdommane,
Skann 270 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 268». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/270/