SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 267 skann 269

267 Hovudemne og delemne FAMILIE OG OMSORG Arbeidet med dette emnet skal gje elevane forståing for dei grunnleggjande behova for tryggleik, tilhøyrsel og gode mellommenneskelege forhold i familie, skole og nærmiljø. Elevane skal lære å ta ansvar for seg sjølv, forholdet sitt til andre og miljøet sitt. Dei skal vidare lære å utvikle evna til å vise omsorg for seg sjølv og andre. Etter kvart må elevane få innsikt i ansvarsområde dei sjølv får som vaksne menneske i heim og samfunn. Det stoffet kan samlast under nemninga familiekunnskap, og elevane får undervisning i det så tidleg som råd i skolegangen. Emnet må femne om foreldreansvar, omsorg og barnestell. Særleg er dei fysiske, psykiske og sosiale behova barn har, viktige tema. Familiekunnskap må og omfatte livssituasjonen for dei einslege. Det er viktig å få fram at einslege i mange tilfelle har mykje å seie for familie og nærmiljø. Det vil vere nødvendig å repetere og føre vidare lærestoff frå alle hovudemna i faget. Lærestoff frå andre fag må dragast inn for at opplegget skal få heilskap. Jf. kapittel 14, Praktisk, sosialt og kulturelt arbeid. Undervisninga må rettast mot det sjølvstendige vaksne livet til elevane. Emnet må gjerast realistisk og leggjast så nær opp til røyndommen til dei unge som mogleg. 4.-6. klasse Mennesket i familien: Kvar einskild i familien, forholdet mellom generasjonane, å ta omsyn til andre, å realisere eigne evner og utsikter, eigenverd, likeverd. Samhandling: Korleis vi er mot kvarandre, omsorg for dei næraste, samarbeid, fellesskap. Fadderordningar i skolen. Tilskipingar. Arrangere morgonsamlingar. Den biologiske funksjonen til familien: Forplanting, svangerskap, fødsel. Spedbarnpleie. Ulikskapar mellom kjønna, fysiske endringar. Jamstelling: Arbeid og ansvarsdeling i heim og samfunn, styrking av eige sjølvbilete, lik rett til å realisere seg sjølv. Barns ulike behov og vilkår: Barns fysiske, psykiske og sosiale behov, synlege og usynlege funksjonshemmingar, behov i ulike fasar og situasjonar. 7.-9. klasse Familien som institusjon: Familien før og no, generasjonsskilnader, ulike former for samliv, endringar i familien, behov for tilhøyrsel, normer for åtferd og samvære. Samhandling: Samliv - forventning og realitetar, kommunikasjon, konfliktløysing, fellesskap og solidaritet, samarbeid. Einslege: Livssituasjonen for einslege. Funksjon i familien. Einslege som gjev og som treng omsorg. Forståing for innsatsen til det einslege individet i samfunnet. Den biologiske funksjonen til familien: Ulikskapar mellom kjønna, fysiske endringar, pubertet, vaksen alder, alderdom. Seksualkunnskap. Menneske med ulike behov og vilkår: Funksjonshemmingar, fysiske, psykiske og sosiale behov i ulike livsfasar og situasjonar. Besøksteneste, praktisk hjelp. Familiekunnskap: Førebuing til ansvar for seg sjølv, heim, familie og samfunn i arbeid og fritid i ei omskifteleg verd. Foreldreansvar - stell, omsorg og opplæring av barn. Kontakt med barnehagar, leikegrupper. Offentlege tenester og støtteordningar,
Skann 269 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 267». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/269/