SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 24 skann 26

KAPITTEL 3 24 LIKEVERDIG OG TILPASSA OPPLÆRING Alle barn, same kvar dei bur i landet, og utan omsyn til sosial, kulturell og økonomisk bakgrunn, har rett til likeverdig opplæring. Det er ei oppgåve for grunnskolen å gje alle elevar dei best moglege utviklingsvilkåra. Elevane har derfor rett til opplæring som er tilpassa evnene og føresetnadene deira slik at alle får best mogleg hjelp til å ta til seg grunnleggjande kunnskapar og dugleik. Likeverdig opplæring inneber at det vert vist respekt og omsorg for den einskilde eleven. Sosialpedagogisk arbeid er derfor ein nødvendig føresetnad for og ein viktig del av opplæringa. Arbeidet i skolen for å fremje jamstelling mellom kjønna er eit ledd i gjennomføringa av likeverdig undervisning. Tilpassa opplæring for alle Gjennomføringa av tilpassa opplæring krev allsidig og variert undervisning. Opplæringa må omfatte tiltak som stimulerer lysta til å lære, og som er meiningsfylte og utviklande for alle. Ho må ta utgangspunkt i læreføresetnadene til elevane og sikte mot å skape samanheng og heilskap i læringsarbeidet. Det må leggjast vekt på arbeidsoppgåver som kan utfordre både dei praktiske og teoretiske evnene hjå elevane. Tiltak der elevane vert kjende med arbeidslivet på heimstaden, er viktige i denne samanhengen. Det same gjeld oppgåver i tilknyting til sosiale og kulturelle aktivitetar i nærmiljø og lokalsamfunn. Tilpassa opplæring er eit grunnleggjande prinsipp for all undervisning skolen gjev. Det har klare, praktiske konsekvensar for * val og tilrettelegging av lærestoff og aktivitetar * organisering av arbeidet * tilrettelegging av læringsmiljøet * arbeids- og samværeformer i skolen
Skann 26 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 24». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/26/