SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 266 skann 268

266 frå dei andre hovudemna kan på ungdomssteget samlast under fellesnemninga familiekunnskap. Heimkunnskapsfaget startar i orienteringsfag på 2.-3. klassesteg. På den måten vil faget danne eit naturleg grunnlag for tverrfagleg samarbeid og for tverrfaglege opplegg eller prosjekt. Faget gjev gode vilkår for lokalt læreplanarbeid som kan knyte opplæringa til nærmiljøet. Gamle og hevdvunne skikkar og teknikkar frå miljøet kan førast vidare i faget. Heimkunnskap er eit høveleg utgangspunkt for tilpassa opplæring. Det er mogleg å forme ut mange delmål som er retta mot det å kunne meistre sin eigen livssituasjon. For å kunne finne fram til realistiske læringsmål som er tilpassa føresetnadene til kvar einskild, kan det vere både nødvendig og ønskjeleg å hente fram lærestoff frå ulike steg og fagområde. Oppgåvene bør vere slik at elevane fort kan sjå konkrete resultat av sin eigen innsats. Det vil særleg vere naturleg å sjå oppgåver i heimkunnskap i samanheng med praktisk, sosialt og kulturelt arbeid, jf. kapittel 14. Arbeidsmåtar Sjå det som er nemnt om arbeidsmåtar ovanfor, og det som er sagt under kvart hovudemne. I tillegg til arbeid på skolen kan arbeid i nærmiljøet gje trening i omsorgsarbeid. Det vil gje realistisk øving som kan vere med på å styrkje og feste innlærte kunnskapar og dugleik. Høvelege oppgåver finst og i miljøet ved skolen. Det er viktig at alle gjer si oppgåve, men det må og vere rom for å kunne be om hjelp og gje hjelp. Arbeidsmåtane må gje høve til kontinuerleg vurdering av metode, reiskap og materiale, pris og kvalitet, tid og krefter. Det estetiske aspektet er og viktig. Prosessen er like viktig som resultatet. Elevane må få øving i å bruke sin eigen kunnskap på ein slik måte at det får konsekvensar for handling og val. Læremiddel Undervisninga må føregå i rom med plass og utstyr til praktiske aktivitetar. Den undervisninga som omfattar mat- og kjøkkenstell, må føregå i eit godt utstyrt undervisningsrom, med vanleg teknisk kjøkkenutstyr. Det må finnast lærebøker og oppslagsbøker som dekkjer alle sider av faget. Mykje av det informasjonsmateriellet som vert gjeve ut av opplysnings- og interesseorganisasjonar, kan brukast i undervisninga. Det er nødvendig å vurdere slikt materiell nøye før det vert brukt, og det må setjast inn i naturlege faglege og pedagogiske samanhengar. I heimkunnskap er det mogleg å nytte og tilpasse materiell og produkt som er laga for den allmenne marknaden. Det vil i mange tilfelle vere både gode og billige læremiddel.
Skann 268 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 266». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/268/