SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 265 skann 267

265 10. Mønsterplan. Nynorsk å lære elevane til å utføre praktiske arbeidsoppgåver som vanlegvis førekjem i ein heim, på ein rasjonell måte å lære elevane å utvikle respekt for ressursar gjennom fornuftig bruk av råstoff og hjelpemiddel - å gje elevane innsikt i kva riktig ernæring, gode matvanar og fellesskap rundt eit måltid har å seie for helse og trivsel å lære elevane å skape funksjonelle, personlege og trivelege heimar ved hjelp av dei midla som er til rådvelde Heimkunnskap skal gje elevane ei opplæring som både praktisk, teoretisk og i haldning kan vere eit godt grunnlag for det daglege livet deira i framtida. Elevane bør få innsikt i kva krav som vil verte stilte til dei i heim og nærmiljø, og korleis dei best kan meistre desse krava. Dei bør og lære å sjå oppgåver som ikkje direkte vert lagde på dei, men som det er nødvendig å få utført. I dette faget er det mogleg både konkret og praktisk å lære elevane å vere hjelpsame, omsorgsfulle og ansvarlege, i fyrste rekkje for dei nære tinga i heim og nærmiljø, men og i eit vidare perspektiv. Dei bør lære at det er nødvendig å ta vare på ressursane og nytte dei riktig. Evna til og gleda ved å kunne gje og dele med andre bør og utviklast. Lærestoff og progresjon Heimkunnskap er fyrst og fremst eit praktisk fag. Planen er bygd opp etter det. Men teori som vil vere nødvendig både i læringssituasjonen og seinare i livet, er lagd til grunn for arbeidet. I alle emne og på alle klassesteg er det meininga at teoretisk og praktisk opplæring skal gå hand i hand. I alle hovudemna har ein gått ut frå elevane sjølv og dei nære tinga. Emnet vert utvida så langt det er mogleg og formålstenleg, og med den fordjupinga i stoffet som emne og tid gjev høve til. Arbeidet kan organiserast på ulike måtar etter emne og lokale forhold. Gruppestorleiken må avpassast etter talet på arbeidsplassar. Det praktiske arbeidet må føregå i grupper. Undervisninga bør føregå i høvelege rom. Planen er bygd opp omkring område som er sentrale i alle menneskeliv, og freistar å gje elevane grunnlag for å meistre dagleglivet. Elevane må få kunnskapar som kan hjelpe dei til sunn livsførsel, til å ta vare på eiga helse og hjelpe andre til ein sunn levemåte. Mange emne ligg nær opplæringa og oppsedinga barna får i heimane. Derfor er det viktig å avklare mål og arbeidsmåtar i faget saman med foreldra. Praktisk oppfølging i heim og lokalmiljø vil vere med og gje eit godt læringsresultat. Det er naturleg å ta opp emne som varefakta, innkjøp og vurdering av pris og kvalitet, i samarbeid med nærmiljøet. Emnet helse og hygiene er og forankra i orienteringsfag, kroppsøving og naturfag, samtidig som det går inn som del av fleire hovudemne i heimkunnskap. I dette faget er det naturleg å leggje særleg vekt på samanhengen mellom kosthald og helse, og kva trivsel har å seie for den fysiske og psykiske helsa vår. Fleire av delemna under hovudemnet familie og omsorg har og ein naturleg plass i orienteringsfag og samfunnsfag. I heimkunnskap vert det lagt særleg vekt på foreldreansvar og lærestoff som er knytt til familien og heimen. Tema som barnestell, enkel utviklingspsykologi, eigenverd, likeverd og jamstelling, og tema
Skann 267 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 265». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/267/