SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 264 skann 266

KAPITTEL 32 264 HEIMKUNNSKAP Undervisninga i heimkunnskap skal vere med og gje elevane ei positiv haldning til heimen, familien og samfunnet omkring. Faget skal førebu elevane til dei oppgåvene og pliktene som følgjer eit familieliv. Dei må få forståing for jamstelling og rettferdig deling av arbeid og ansvar. Både gutar og jenter må få opplæring i arbeids- og omsorgsoppgåver i heimen. Gjennom aktivt samarbeid med heim og nærmiljø vil skolen utvikle kunnskapar og dugleik som gjer elevane betre i stand til å meistre sitt eige liv og til å ta ansvar for andre. Innsikt i kva levemåten har å seie for helsa, vil vere eit sentralt tema i arbeidet med å førebyggje sjukdommar og byggje opp god helse. Skolen skal lære elevane å vere kritiske og sjølvstendige også i forhold til dei mange småe vala i kvardagen. Utviklinga på mediefronten fører til at vi vert utsette for fleire og sterkare påverknader enn før. Kunnskap om korleis det verkar på oss vert viktig for at vi skal kunne gjere fornuftige vurderingar og val. Både val av livsverdiar og ressursar verkar inn på korleis vi skal kunne meistre det daglege livet. Praktisk-produktive arbeidsoppgåver som tek utgangspunkt i nødvendig arbeid i ein heim, kan gje både framtidsretta dugleikstrening og generelle røynsler om forholdet mellom arbeidsinnsats og resultat. Etter kvart kan slike kunnskapar og dugleik nyttast i ulike former for omsorgsarbeid. Mål Undervisninga i heimkunnskap skal ta sikte på - å lære elevane å ta ansvar og vise omsorg i heim og nærmiljø - å gje elevane kunnskap om og forståing for kva heimen og familien har å seie for kvar einskild og for samfunnet, slik at dei får positiv haldning til arbeidet i heimen og plikter i forhold til familien
Skann 266 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 264». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/266/