SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 263 skann 265

263 systematisk trening kan byggje opp kroppen etter skade og sjukdom. Det viktigaste siktemålet er å skape haldningar og vanar som set elevane i stand til å ta vare på eiga helse, vise omsorg for andre og kjenne ansvar for det miljøet dei lever i. Førebyggjande helsearbeid er eit emne som grip inn i ei rekkje andre fag. Samordning av delemne ligg særleg godt til rette mellom kroppsøving, heimkunnskap, orienteringsfag og naturfag. 1.-3. klasse Kroppen og kroppsfunksjonane: Skjelett, musklar og ledd. Personleg hygiene. Kroppsbruk i arbeid og fritid: Sitje- og skrivestillingar. Lyfte, bere, skyve og dra. 4.-6. klasse Kroppen og kroppsfunksjonane, generell treningslære: Verknadene av fysisk aktivitet på hjarta, blodomløpet og pusteorgana. Menstruasjon og fysisk aktivitet. Korleis ein trenar styrke, uthald og leddfunksjon. Fysisk aktivitet og matvanar. Enkle råd om klede og utstyr i samband med fysisk aktivitet. Kroppsbruk i arbeid og fritid: Repetisjon av lærestoffet i 1.-3. klasse. Spenning og avspenning. Kvilestillingar. 7.-9. klasse Kroppen og kroppsfunksjonane, generell treningslære: Fysisk aktivitet som førebyggjande helsearbeid. Belastningssjukdommar. Overvekt, feilernæring, livsstilssjukdommar. Fysisk aktivitet og funksjonshemmingar. Planlegging av eiga trening og fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet og ANT. Idrett og doping. Kroppsbruk i arbeid og fritid: Vidareføring av det ein tidlegare har lært om riktig kroppsbruk til situasjonar i arbeid og fritid.
Skann 265 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 263». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/265/