SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 262 skann 264

262 praktisk dugleik på ein slik måte at dei kan førebyggje ulukker, ta vare på seg sjølv i kritiske situasjonar og berge andre som er i fare eller treng hjelp. Det bør vere eit mål at elevane lærer å symje innan utgangen av tredje klasse. 1.-3. klasse Livberging i vatn: Flyte for å overleve, bruke redningsvest, gje hjelp til å kome i land, kaste ut livbøye. Overleving i naturen: Bruk av terrenget i nærmiljøet. Enkel orientering. Badevit, båtvit, isvit, fjellvit, naturvit. Trafikk: Enkle trafikkreglar. Kryssing av trafikkerte vegar og gater. Fyrstehjelp: Varsling av ulukker. 4.-6. klasse Livberging i vatn: Symjing med klede, av- og påkleding i vatn, symjing under vatn, dykking, overlevingsteknikkar i kaldt vatn. Kaste ut livline og andre hjelperåder. Registrering av pustestans. Munn-til-munn-metoden. Overleving i naturen: Ta seg fram i ukjent terreng, kart og kompass. Matlaging på tur med enkle hjelperåder. Sikringsreglar ved bruk av open eld. Badevit, båtvit, fjellvit. Overnatting i snøhole. Isvit, naturvit. Trafikk: Trafikkvit. Fyrstehjelp: Varsling av ulukker. Forbrenning, forfrysing. Bløding og væsketap. 7.-9. klasse Livberging i vatn: Klede som flytemiddel, livbergingshopp, ilandføring, lyft på land, registrering av puste- og hjartestans, hjartekompresjon, fullstendig hjarte- og lungeredning. Bergingsbåt, bergingsbrett. Overleving i naturen: Villmarksskole. Overnatting i snøhole, huk (gapahuk). Orientering i ukjent terreng. Reparasjon av utstyr, lage utstyr sjølv. Badevit, båtvit, fjellvit, isvit, naturvit. Trafikk: Trafikkvit. Fyrstehjelp: Stell av sår. Flytte og bere skadd person. Bløding og væsketap. Støyt og strekkskadar. Beinbrot. KROPPSØVING OG HELSE Kunnskap om kroppen og kroppsfunksjonane skal vere med og gje innsikt i grunnleggjande prinsipp for trening og mosjon, og lære elevane korleis dei kan førebyggje skadar og ulukker, sjukdom og andre helseproblem. Elevane skal lære korleis kroppen vert påverka av trening, og korleis dei gjennom fysisk aktivitet kan halde ved like og utvikle kroppen si yteevne. Treningslære gjev elevane kunnskapar som dei kan setje inn i ein praktisk samanheng, og med det forstå formålet med øvingane. I arbeid og fritidsaktivitetar vert kroppen utsett for påkjenningar og slitasje. Skadeverknadene kan verte spesielt store under langvarige aktivitetar eller når ein må halde same kroppsstillinga i lengre tid. For å tole desse påkjenningane er det viktig å bruke kroppen funksjonelt. Elevane må få kunnskap om kva som på kort og lang sikt er ein fare for liv og helse, risikofaktorar, og korleis dei kan unngå eller førebyggje ei uheldig utvikling. Dei må få forståing for korleis kosthald og levemåte verkar inn på helse og fysisk yteevne. Elevane må få kunnskap om korleis ein gjennom fysisk aktivitet og
Skann 264 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 262». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/264/