SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 261 skann 263

261 tresteghopp. Kast med stor og liten ball, slengball, kule. Friluftsliv: Planlegging og gjennomføring av lengre turar. Orientering, ta seg fram i ukjent terreng. Telting og andre overnattingsmåtar. Matlaging. Reparere utstyr, lage utstyr sjølv. Villmarksskole. Gymnastikk, turn: Vidareføring av øvingar på golv og matte, med apparatøvingar, ball, hoppetau og ringar. Orientering: Bruk av kart og kompass med hovudvekt på praktisk øving i terrenget. Ski: Langrenn, hopp, slalåm og utfor. Skiturar. Stell og vedlikehald av ski og utstyr. Smørjing. Ferdselsreglar i bakke og løype. Skøyter: Ballspel og leikar. Hurtigløp. Kunstløp. Bandy. Ishockey. Symjing: Allsidige symjeøvingar. Distansesymjing. Hopp og stup. Vasspolo. Fridykking. LEIK, DANS OG DRAMAAKTIVITETAR Alle barn har skapande evner og ein medfødd trong til å uttrykkje seg. Kropp og rørsle er dei mest personlege uttrykksmidla våre. Knapt noko anna medium kan uttrykkje tankar, kjensler og sinnsstemningar så spontant som kroppsspråket. Gjennom leik, frie aktivitetar og målretta oppgåver skal vi hjelpe elevane til å ta fantasi og skaparevne i bruk. Arbeidet med dans- og dramaaktivitetar skal fremje den sosiale og estetiske utviklinga til elevane. 1.-3. klasse Leik og dans: Leik og eksperimentering med grunnleggjande rørsleelement med tanke på danseskaping. Rytmeøving, med og utan musikk eller lyd. Arbeid med rørslekvalitetar. Song- og danseleikar som barna kjenner. Lære nye dansar. Norske og utanlandske folkedansar. Ringdansar, gruppedans. Spontan dans til song, musikk og andre lydeffektar. Komponere eigne dansar. Drama: Fri og meir formell leik med utgangspunkt i det som barna opplever på skolen og i lokalmiljøet. Dramatisering og spel med utgangspunkt i eventyr, forteljingar, songar, rim og regler. Kombinere musikk, lyd, ord og rørsle. 4.-6. klasse Leik og dans: Vidareføring av arbeidet i 1.-3. klasse. Arbeid med rytme og lyd. Lydforming. Arbeid med rørslekvalitetar. Folkedans som er levande i lokalmiljøet. Drama: Vidareføring av arbeidet i 1.3. klasse. Øvingar og spel knytte til livsnære situasjonar, til vanleg lærestoff og aktuelle tekstar. Improvisasjon, mimeoppgåver, strukturerte rollespel og pantomime. 7.-9. klasse Leik og dans: Vidareføring av tidlegare arbeid. Pardansar. Motedans. Drama: Vidareføring av tidlegare arbeid. Lage eigne spel, eventuelt med tanke på framføring. OVERLEVINGS- OG LIVBERGINGSAKTIVITETAR Skolen skal lære elevane til å ta vare på seg sjølv, slik at dei ikkje set liv og helse i fare. Likeins skal skolen lære elevane å vise omsorg og ansvar for andre. Arbeidet under dette hovudemnet siktar mot å gje elevane kunnskapar og
Skann 263 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 261». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/263/