SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 260 skann 262

260 FRILUFTSLIV, LEIK OG IDRETT Så tidleg som mogleg skal elevane venjast til å ferdast ute i naturen. På oppdagingsferder her kan dei få utløp for trongen til å utforske og eksperimentere, og dei kan hente tilfang til lærestoff frå andre fagområde. Ein skal ta sikte på at elevane får forståing for dei økologiske prosessane og gjennom det utvikle sansen for den levande naturen og viljen til å verne om han. Elevane må lære korleis dei med enkle hjelperåder kan leve og overleve i naturen. Framfor alt er det viktig at barn får oppleve den gleda og det velværet som naturen og friluftslivet kan gje. For å motivere elevane til å ta del i leik og idrett må skolen leggje til rette aktivitetane på ein slik måte at alle kan vere med ut frå sine føresetnader og behov. Skolen skal gje innføring i eit breitt utval av idrettar, spel og andre fritidsaktivitetar og leikeaktivitetar. Under delemna er berre dei idrettsaktivitetane som er mest utbreidde i vårt land, tekne med. Ein reknar likevel med at lokale tilhøve og ressursane på den einskilde skolen vil vere avgjerande for det tilbodet elevane får, slik at også andre aktivitetar og idrettar kan kome med i lokale læreplanar. Reglar, storleiken på banar, tyngda på reiskapar osv. skal vere tilpassa alderssteget og dugleiken til elevane. Mange er interesserte i idrettsaktivitetar og opptekne av det som skjer i idrettslivet. Det er viktig at skolen utnyttar denne interessa. Ved utgangen av grunnskolen skal elevane ha fått praktiske røynsler og innsikt som gjev dei grunnlag for å velje trenings- og mosjonsformer og drive lagidrett eller individualidrett som passar for kvar einskild. 4.-6. klasse Ballspel: Balleikar og ballspel som elevane kjenner. Ulike former for slåball. Minispel i basketball, fotball, handball og volleyball. Innføring i racketspel. Friidrett: Løp med varierande tempo. Stafettleikar. Lengdehopp. Høgdehopp. Hopp over hinder. Kast med ulike reiskapar, liten og stor ball, slengball. Friluftsliv: Planlegging og gjennomføring av turar i nærmiljøet. Turar i oppmerkte løyper. Overnatting i telt. Leirplass, leirbål, bruk av open eld. Enkel matlaging på bål. Bruk og stell av utstyr. Kart og kompass. Gymnastikk, turn: Enkle øvingar på golv og matte. Apparatøvingar, til dømes hopp over kasse, øvingar i bom, ringar og svingstong. Øvingar med ball, hoppetau og ringar. Orientering: Kartteikn. Orientere kartet etter terrenget. Orientering i området rundt skolen. Løype- og linjeorientering. Kompasskurs. Ski: Leikeaktivitetar. Skiturar. Smørjing av ski. Grunnleggjande teknikkar i langrenn, hopp, slalåm og utfor. Ferdselsreglar i bakke og løype. Skøyter: Leikeaktivitetar. Variert skøytegang. Samspeløvingar. Minispel. Symjing: Tilvenjings- og tryggleiksøvingar. Vidareføring av allsidige opplegg frå barnesteget. Brystsymjing, ryggsymjing, sidesymjing, krål, ryggkrål. Trø vatnet, symje under vatn, dykking. Vending. Hopp og stup. 7.-9. klasse Ballspel: Vidareføring av racketspel, basketball, fotball, handball og volleyball. Reglar, «fair play», samspel. Taktikk, teknikk. Friidrett: Sprint, langdistanse, hekkeløp, terrengløp. Høgdehopp, lengdehopp,
Skann 262 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 260». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/262/