SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 259 skann 261

259 med andre lærarar som kjenner eleven, helsepersonellet i skolen og foreldra. Systematisk planlegging av arbeidet er viktig. Lokale læreplanar skal vise korleis hovudemne og delemne er sette saman og fordelte på dei einskilde klassestega og på dei ulike årstidene. Planane må vise korleis ein tenkjer seg at emne frå lærestoffet i kroppsøving vært integrerte i andre fag. Ein må og leggje plan for aktivitetsdagar, ekskursjonar og leirskoleopphald. Planen bør innehalde ei oversikt over dei tilboda elevane har om å ta del i fysisk aktivitet ved skolen og i fritida. Både elevar og foreldre skal ha orientering om det lokale læreplanarbeidet, og særleg på dei høgare klassestega kan det vere nyttig å ta elevane med på råd om den konkrete utforminga av planane. Vurderinga går føre seg i den direkte kontakten mellom lærar og elev i kroppsøvingstimane. Ros og oppmuntring, drøfting av elevane sitt arbeid, oppgåver, instruksjon og rettleiing skal motivere elevane til å kome vidare i utviklinga si. Ved vurderinga i kroppsøving skal ein ta omsyn til måla for faget og dei ulike føresetnadene elevane har. Hovudemne og delemne GRUNNLEGGJANDE RØRSLER Dei grunnleggjande rørslene er krype, gå, springe, hoppe, rulle, balansere, klatre, hengje, slengje, kaste, gripe, fange, bere, skyve og dra. Rørslene til mennesket er knytte til faktorane tid, kraft, rom og flyt. Innanfor kvar av desse komponentane kan det vere talrike variasjonar, og rørslene kan setjast saman på ulike måtar. Når barna rører seg, har dei sin eigen rytme og personlege stil. Dei ulike stega i den motoriske utviklinga har sine særmerkte trekk, frå enkle, sjølvsentrerte rørsler med få sekvensar til samansette og kompliserte mønster. Målet med arbeidet er å gjere elevane trygge i forholdet til sin eigen kropp, medvitne om kroppsdelane og korleis desse verkar saman. Like viktig er det å utvikle medvit om andre og om omgjevnadene. Elevane skal få utfordringar og oppgåver på ein slik måte at dei sjølv oppdagar og kan gle seg over kva dei kan bruke kroppen til. Alle barn har krav på eit utfordrande leike- og aktivitetsmiljø. Dei grunnleggjande rørslene skal haldast ved like og utviklast vidare gjennom heile grunnskolen. 1.-3. klasse Arbeid utan apparat: Ulike måtar å gå, springe, hoppe, balansere, rulle på. Arbeid med kroppsdelane. Sats, svev, landing. Røre seg i ulike typar terreng. Arbeid med småreiskapar og apparat: Eksperimentere og verte kjend med ulike småreiskapar og apparat i kroppsøvingssalen, reiskapar og leikeapparat i uteområdet, bruke dei utfordringane som natur og terreng i nærområdet gjev. Kontaktøvingar: Parøvingar og gruppearbeid. Skyve, dra, bere, lyfte, støtte. Balanseøvingar. Aktivitetar i vatn: Tilvenjings- og tryggleiksøvingar. Symjeopplæring. Aktivitetar på snø og is: Ake, skli. Tilvenjingsøvingar og leikeaktivitetar på ski og skøyter.
Skann 261 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 259». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/261/