SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 258 skann 260

258 og gjennomføre prosjektarbeid. Dei må og få oppgåver der dei arbeider i mindre grupper og sjølv leier arbeidet. Elevane må få øving i å leggje fram eller vise resultatet av eit arbeid for andre i klassen, som så får høve til å kommentere og kome med konstruktiv kritikk. Slikt arbeid vil utvikle den estetiske sansen, skjerpe kravet om kvalitet og utvide interessa for samarbeid og evna til å gje og ta imot råd. På alle klassestega må undervisninga tilpassast til elevane sine føresetnader. Val av arbeidsmåtar må byggje på kunnskap om læring og utvikling generelt og den sansemotoriske utviklinga spesielt. Undervisninga må ta utgangspunkt i observasjon og kartlegging av elevane sine interesser, føresetnader og spesielle behov. Arbeidet bør organiserast slik at ein i rimeleg grad tek omsyn til einskildelevar og elevgrupper med spesielle problem eller særinteresser, utan at det hindrar aktiviteten til dei andre i klassen. For å nå alle med tilpassa undervisning kan læraren i mange høve dra nytte av at elevane kan støtte og hjelpe kvarandre. For at det skal verte eit naturleg og godt forhold mellom yngre og eldre elevar, kan noko av undervisninga gå føre seg i aldersblanda klassar. I kroppsøving vil dei ulike føresetnadene elevane har, ofte kome tydeleg til syne, slik at mange lett kan kome til å kjenne seg som taparar. Det er derfor særs viktig å finne fram til arbeidsmåtar som skaper kontakt og tryggleik, slik at alle kan vere aktivt med. Det er ikkje skolen si oppgåve å spesialtrene elevane i visse idrettsgreiner, men hjelpe dei til allsidig meistring av kroppsleg dugleik. På det grunnlaget kan elevane velje mellom ulike former for fysisk aktivitet i fritida. På dei øvste klassestega bør elevane likevel ha eit visst høve til å øve på sjølvvalde aktivitetar. Ein bør vere varsam med å bruke konkurransar. I lagspel og andre aktivitetar med reglar må ein leggje vekt på fair play. Ein kroppsøvingstime skal i regelen setje krav til kroppsleg yteevne. Heile dagar eller delar av dagar bør nyttast til friluftsliv, ekskursjonar og andre opplegg med innslag av fysisk aktivitet. For skolar som ønskjer det, kan merketaking leggjast til aktivitetsdagar eller idrettsdagar som eit frivillig tilbod til elevane. Mange aktivitetar i kroppsøving krev spesielle reglar og sikringstiltak for å førebyggje skadar og ulukker. Lærarane må sjå til at undervisninga går føre seg på ein forsvarleg måte. Alt frå starten bør elevane få øving i å vurdere risikomoment og eigen dugleik, slik at dei sjølv kan ta ansvar for at arbeidet vert utført på ein trygg måte. For å kome bort frå uheldige kjønnsrollemønster bør ein arbeide aktivt med å gjere skiljet mellom tradisjonelle jente- og guteaktivitetar mindre. Når jenter og gutar har kroppsøving saman, må ein ta omsyn til dei ulike ønska og interessene deira. Gutar og jenter vil likevel i fleire situasjonar kunne ha fordel av å ha kroppsøving kvar for seg. Somme elevar treng støttetiltak i kroppsøving. Slik undervisning skal i regelen leggjast til dei ordinære kroppsøvingstimane, men i visse høve kan spesielle opplegg for einskildelevar eller mindre grupper vere eit alternativ. For mange elevar kan spesielt tilrettelagde opplegg i kroppsøving i tillegg til dei vanlege kroppsøvingstimane fremje trivsel og læring, og såleis ha ein god innverknad på heile skolesituasjonen. Fritaking frå kroppsøving kan berre kome på tale når klare grunnar ligg føre. Støtteundervisning og spesielle opplegg i kroppsøving bør planleggjast i samråd
Skann 260 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 258». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/260/