SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 257 skann 259

257 9. Mønsterplan. Nynorsk fremjar sjølvstende, slik at elevane kan planleggje og gjennomføre fysisk aktivitet på eiga hand. Framfor alt er det viktig å velje lærestoff som vekkjer interesse og er tilpassa behova og yteevna til kvar einskild elev. Lokale læreplanar skal utformast på ein slik måte at elevane opplever samanheng i undervisninga gjennom heile grunnskolen. Læremiddel Uteområdet bør leggjast til rette for løp, hopp og kast, ha oppmerkte banar for ballspel, mål, ballvegger, nett, korger og eit rimeleg utval av leikeapparat. Der det er praktisk mogleg, bør ein del av uteområdet verte islagd om vinteren, og ein bør leggje tilhøva til rette for skiaktivitetar, aking og leik i snø. Uteområdet skal vere skjerma for farleg trafikk. Kroppsøvingsarealet inne bør utformast med tanke på differensiert undervisning, og gje høve til gruppedeling. Utstyret i sal, symjehall, aktivitetsrom og trimrom skal i fyrste rekkje dekkje det behovet faget kroppsøving har, men ved planlegginga og utforminga bør ein og ta omsyn til fag- og interesseområde som musikk, drama og fritidsaktivitetar. Eit godt musikkanlegg skal vere fast montert i alle kroppsøvingssalar. Ei transportabel tavle bør vere lett tilgjengeleg i kroppsøvingssalen, likeins anatomiske plansjar. Alle skolar skal ha klassesett av kompass og høvelege kart. I friminutta bør elevane ha tilgjenge til småreiskapar som til dømes ulike ballar, stokkar, stenger, rokkeringar og hoppetau. Arbeidsmåtar Ulike former for fysisk aktivitet utgjer hovuddelen av arbeidet i faget kroppsøving. Kunnskapsstoff bør i størst mogleg grad knytast til praktiske situasjonar. Dette kan auke læringseffekten og skape haldningar hjå elevane som gjer at dei vil kjenne eit personleg ansvar for og få lyst til å ta del i fysisk aktivitet, også i fritida. Dei fleste elevane har eit stort rørslerepertoar, eit nyansert kroppsspråk og eit naturleg behov for å utfalde seg fysisk når dei byrjar på skolen. Gjennom heile grunnskolen bør ein velje arbeidsmåtar som vekkjer glede og interesse hjå elevane, slik at ein tek vare på og utviklar vidare den evna som dei har til å aktivisere seg sjølv. Undervisninga i kroppsøving skal ha preg av allsidig aktivitet som på den eine sida byggjer på behova til elevane, og på den andre sida på dei ønske og mål skolen har for arbeidet. Som eit naturleg resultat av dette vil metodane veksle mellom friare arbeid, oppgåveløysing og instruksjon. Likeins vil organiseringsmåtane veksle mellom individuelt arbeid, parøvingar, arbeid i større og mindre grupper, klassearbeid og lagarbeid. Dei ulike føresetnadene til elevane og mangfaldet i lærestoffet gjer at ein likevel ikkje må binde visse metodar og organiseringsmåtar til einskilde klassesteg. Leik bør i alle høve ha innverknad på arbeidsmåtane gjennom heile grunnskolen. Også i kroppsøving skal skolen gje spelerom for eksperimentering og skapande verksemd. Elevane skal få øving i å arbeide sjølvstendig og få trening i å planleggje
Skann 259 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 257». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/259/