SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 23 skann 25

Når barna begynner på skolen, har dei fleste alt bestemte oppfatningar om at visse eigenskapar og visse interesser og oppgåver passar betre for det eine kjønnet enn for det andre. Jamstelling må derfor takast opp i mange samanhengar og drøftast i alle fag når det er aktuelt ut frå tema. Årsakene til og konsekvensane av at menn og kvinner har ulik stilling i familien, arbeidslivet og i samfunnet elles, må takast opp. Diskriminerande førestellingar bør ein motarbeide gjennom sakleg opplysning. Lærebøkene må ikkje gje ei einsidig eller diskriminerande framstelling av oppgåvefordelinga mellom kvinne og mann. Dei må gje realistiske og varierte identifikasjonsmønster både for jenter og gutar. Dei skal vere med på å førebu elevane til samarbeid og ansvarsfordeling i heim, yrkes- og samfunnsliv. Skolen må venje elevane til at det skal vere sjølvsagt at jenter og gutar får like god yrkesutdanning, og han må hjelpe elevane til å nytte evnene og sjansane sine same kva kjønn dei har. Dersom yrkesvala skal verte reelle for alle, må gutar og jenter lærast opp til felles ansvar for arbeids- og omsorgsoppgåver i heimen. Det er nødvendig å oppmuntre både jenter og gutar til å vere med i diskusjonar og meiningsutvekslingar. Elevane skal førebu seg på å ta del i samfunnslivet, og skolen må lære dei å forstå at jentene skal ta del i det offentlege livet i same grad som gutane.
Skann 25 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 23». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/25/