SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 256 skann 258

256 - å gje kunnskap om kroppen og kroppsfunksjonane og medverke til å styrkje helsa hjå den einskilde eleven - å fremje samarbeid, sjølvrespekt, respekt og omsorg for andre og ansvar for natur og miljø Lærestoff og progresjon Lærestoffet i kroppsøving er i fyrste rekkje knytt til fysisk aktivitet, men har og innslag av teoretiske emne. Det teoretiske lærestoffet skal vise samanhengar og gje elevane innsikt og forståing for det fysisk aktivitet har å seie for kvar einskild og for samfunnet. Lærestoffet er delt inn i fem hovudemne. Delemna under kvart hovudemne viser aktivitetar og tema som ein bør arbeide med i kvar treårsbolk. Det er naturleg at skolane vil leggje vekt på ulike sider ved lærestoffet. Hovudemna skal vere med i kvar treårsbolk for å sikre at elevane får allsidig øving og opplæring. Når ein vel lærestoff, må ein ta omsyn til og utnytte dei topografiske og klimatiske tilhøva på staden. Ved val av lærestoff må ein og ta rimeleg omsyn til elevane sine ønske og interesser. Ved dei fleste skolane vil det vere ulike former for samarbeid med lokale frivillige organisasjonar, til dømes idrettslag. Det er naturleg at lærestoffet i kroppsøving i nokon mon vert prega av kulturtradisjonane i lokalmiljøet. Lærestoffet kan og ha innslag av aktivitetar som er vanlege i andre kulturar. Skolar som har innvandrarbarn, bør nytte høvet til å lære barna leikar og spel frå andre land. Slike aktivitetar kan vere med og styrkje kjensla av fellesskap og samhald, og hjelpe innvandrarane til å ta vare på sin identitet. I alle fag bør det vere innslag av fysisk aktivitet. Mykje av det lærestoffet ein arbeider med i kroppsøving, kan verte utdjupa og underbygt i andre timar, og omvendt vil kroppsøvingslæraren få idear til arbeidsoppgåver gjennom det stoffet elevane gjennomgår i andre fag. Fagintegrering er eit vilkår for å gje emna i kroppsøving ei heilskapleg framstelling. Dei fleste elevane får ikkje dekt det naturlege behovet for fysisk aktivitet gjennom dei obligatoriske kroppsøvingstimane. Skolen bør derfor stimulere elevane til leik og aktivitet i friminutta og andre fristunder. Med tanke på dette bør ein forme og utstyre uteområdet ved skolen slik at det appellerer til fantasien og innbyr til leik og allsidig fysisk aktivitet. Dersom det er elevar med funksjonshemmingar i ein klasse, bør medelevane få orientering og kunnskap som gjer at dei betre kan forstå og hjelpe dei som har spesielle vanskar. Lærestoffet i kroppsøving tek utgangspunkt i dei grunnleggjande rørslene og det naturlege behovet elevane har for å utfalde seg i leik og rørsle. På alle klassesteg bør det vere eit mål å stimulere elevane til mest mogleg fysisk aktivitet. På barnesteget bør leikeaktivitetar ha ein sentral plass. Etter kvart som det finmotoriske rørsleapparatet utviklar seg og elevane er modne og motiverte for å lære ein viss dugleik og teknikk, kan dei gjere seg meir nytte av direkte instruksjon. Idrettsaktivitetar utgjer derfor ein viktig del av lærestoffet på mellomsteget og ungdomssteget. På ungdomssteget bør ein velje lærestoff som gjev høve til fordjuping og
Skann 258 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 256». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/258/