SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 255 skann 257

KAPITTEL 31 255 KROPPSØVING Fysisk aktivitet er ein grunnleggjande føresetnad, ikkje berre for utvikling og vedlikehald av kroppen, men for utvikling av heile mennesket. Undervisninga i kroppsøving må derfor så langt råd er, tilfredsstille elevane sitt behov for leik og fysisk aktivitet og dermed fremje helse, vekst og personleg utvikling. Faget kroppsøving har fyrst og fremst verdi i seg sjølv. Men fysisk aktivitet har og positiv overføringsverdi til ei rekkje andre område og kan fremje initiativ, skaparevne og læring generelt og elles vere med og skape glede og trivsel i skolekvardagen. Elevane skal få hjelp til å verte trygge i tilhøvet til sin eigen kropp, og få øving i å meistre fysiske dugleikar. Dette styrkjer sjølvtilliten og utviklar evna til samhandling og kontakt. Det er særs viktig at skolen møter elevane med eit variert tilbod om fysisk aktivitet. Det kan vere den beste motvekta mot dei helseproblema som eit samfunn med høg teknologi, mekaniserte arbeidsoperasjonar og mykje fritid lett fører med seg. Skolen har ei viktig oppgåve i å fange opp og føre vidare kulturelle tradisjonar som er levande i leik, idrett, friluftsliv, dans, drama og andre fritidsaktivitetar. Mål Undervisninga i kroppsøving skal ta sikte på å stimulere den fysiske, psykiske, sosiale og kulturelle utviklinga hjå kvar einskild elev å gje opplevingar som skaper glede og lyst til å ta del i fysisk aktivitet i skole, arbeid og fritid å gje elevane allsidige røynsler frå fysisk aktivitet, slik at dei lærer praktisk dugleik og funksjonell bruk av kroppen å ta vare på elevane si evne til skapande aktivitet og utvikle estetisk sans
Skann 257 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 255». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/257/