SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 253 skann 255

253 Material-, form- og fargebruk. Museum og samlingar: teikne, skrive, fotografere. Lage utstillingar og montasjar. Samarbeid med andre fag. Mediebilete, masseproduserte bilete og skulptur: Verkemiddel: verdien av fargebruk, plassering, storleik, forhold mellom tekst og bilete. Assosiasjonar bileta gjev. Formål med ulike former for biletproduksjon. Masseproduserte bruksformer: Moteklede, merkeklede, gruppepress, økonomi. Vurdere materiale, kor haldbare og formålstenlege dei er. Døme på gode og mindre gode løysingar. 7.-9. klasse Eigne arbeid: Forståing for bilete og skulptur som ein særskild måte å formidle idear, kjensler, meiningar på. Montere, stille ut, vidareføre arbeidsformene frå mellomsteget. Leggje vekt på særpreg og skilnad, personleg form. Krav til eigne arbeid, aspirasjonar, forventningar, resultat. Eigenvurdering. Lære enkle omgrep brukte i analyse av bilete og skulptur. Prøve ut og vurdere eigne løysingar: form og farge, materiale og teknikk, uttrykk og arbeidsmåte. Verdien av å leggje arbeid i produkta. Ulike utstillingsmåtar, vekt på prosessar og produkt. Arrangere omgjevnader for utstilling av bruksformer. Demonstrere. Kunst og formkultur: Aktiv bruk av kunst og formkultur i ulike fasar av arbeidsprosessen. Særskild vekt på kunst frå vårt hundreår. Bakgrunnskunnskap, forståing for korleis kunstretningar oppstod, sjå i forhold til samtida, kultursamanhengar. Skildre, tolke. Forstå og lære å bruke enkle omgrep for analyse. Analyse og vurdering av eige arbeid. Forståing for å utnytte lokale ressursar best mogleg, registrere og samle opplysningar, informative utstillingar. Bruksformer frå ulike tider: oppdage, samanlikne tidlegare epokar med vår eiga tid. Massemediebilete: Verdiar, normer og haldningar som kjem fram i ulike medium: reklame, film, video, datamaskinar. «Språket» i mediebileta, opne og skjulte bodskapar, forstå og få praktisk røynsle med oppbygging og verkemiddel. Enkel teoretisk kommunikasjonsmodell knytt til eige arbeid. Samanlikne røyndommen ut frå eiga røynsle, ut frå kunsten og ut frå massemediebilete. Masseproduserte bruksformer: Industriell formgjeving. Samanlikne produkt og vurdere løysingar. Kjennskap til prosessar i formgjeving og framstelling. Ekskursjonar. Marknadskrefter som påverkar val og sjansane våre til å velje. Konformitet. Identifikasjon. FORMING I TEMASAMANHENG Tema ein tek opp innanfor faget, eller som klassen eller skolen samla arbeider med på tvers av faggrensene, kan vere utgangspunkt for arbeid i forming. Temaet vil ofte avgjere arbeidsforma. Dei andre hovudemna i faget vert dregne inn og brukte etter behov, gjerne i samspel med andre fag. Gruppearbeid med eit emne har fagleg verdi gjennom at elevane må drøfte og bruke visuelle uttrykksmiddel målretta. Gruppe- og prosjektarbeid kan gje kunnskap og sjansar til røynsler som individuelt arbeid vanskeleg kan erstatte: arbeid i stort format og i ulike funksjonelle samanhengar, teater, utstillingar, festtilskipingar. 1.-3. klasse Tverrfaglege emne: Natur og nærmiljø, bruke sansane, undersøkje, eksperimentere med materiale. Framlegg til emne: Du og eg. Dokketeater. Fest og høgtider. Arbeidsliv og fritid. Forme, måle, skape bruksform.
Skann 255 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 253». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/255/