SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 252 skann 254

252 FORSTÅ OG VURDERE BILETE, SKULPTUR OG BRUKSFORM Kunst, formkultur og dei visuelle uttrykksformene i vår tid representerer ei viktig side ved den kultursamanhengen elevane skal vekse seg inn i og føre vidare. Arbeidet med dette hovudemnet siktar mot personleg oppleving, kunnskap og interesse for kunst og formkultur, som grunnlag for sjølvstendige meiningar og val og som impuls for eige skapande arbeid. Å forstå og vurdere eigne og medelevar sine arbeid er ei viktig side ved formingsarbeidet gjennom heile grunnskolen. Samtalen om bilet- og skulpturarbeida til elevane må sikte mot å vekkje sansen og respekten for personlege uttrykk. Samtidig må ein byggje opp innsikt og forståing for dei verkemidla arbeidet er skapt med, og drøfte og vurdere kva løysingar ein kan få til med dei. Å forstå og vurdere bruksform må femne om dei funksjonelle, tekniske, konstruksjonsmessige og estetiske sidene ved bruksforma. Emnet tek sikte på å stimulere elevane til ansvarsmedvit for utforminga av nærmiljøet deira, no og i framtida, men og til å tenkje i større samfunnsperspektiv. Arbeidet med emnet må leggjast opp slik at elevane ikkje opplever at bilete, bruksformer eller ting i heimemiljøet vert negativt vurderte. Massemediekulturen verkar sterkt inn på menneska i vår tid. Å forstå korleis bilete vert brukte til underhaldning, informasjon og påverknad er eit felt som ein kan arbeide med både gjennom skapande og analyserande arbeid. Her ligg det til rette for integrering med norsk og samfunnsfag. 1.-3. klasse Eigne arbeid: Samtale undervegs, som inspirasjon og hjelp til å kome vidare. Elevane lagar utstilling av arbeida sine, montering, enkel innramming. Ordne etter motiv, farge, teknikkar. Samtale, understreking av enkle omgrep. Prøve ut og leike med ting ein har laga. Fortelje kvifor og korleis dei vart laga. Kunst og formkultur: Oppleve kunst, original eller gjennom reproduksjonar. Dramatisere, skildre, fortelje om innhaldet i og opplevinga av kunstverket, forslag til tittel. Verte merksam på verkemiddel som kunstnaren har brukt: fargar, form, overflate, materiale. Bruke enkle omgrep. Utstilling av bruksformer elevane tek med til skolen: klede, reiskapar, ting til heimen. 1 gamle dagar og i dag. Vitjing på museum, tradisjonar som vert haldne levande i lokalmiljøet. Mediebilete: Enkel analyse av reklamebilete, seriehefte. Av kven, for kven og kvifor er bileta laga. Masseproduserte ting til pynt. Masseproduserte bruksformer: Leiker, sportsutstyr, klede. Samtale om slitestyrke, utforming og pris. 4.-6. klasse Eigne arbeid: Samtale, improviserte utstillingar under arbeidsprosessen, verte klar over kva ein vil, og korleis ein kan få det til. Tiltru til eige uttrykk. Vekt på montering og opphenging. Bruke musikk, dikt, tekstar som høver til. Presentere i skolemiljøet. Prøve ut, demonstrere og fortelje om arbeidsprosessar og resultat. Samanlikne eigne og andre sine løysingar: folkekunst, brukskunst, kunsthandverk, industriproduksjon. Kunst og formkultur: Aktiv bruk av originalkunst i nærmiljøet, lokale utstillingar, reproduksjonar, bruke arbeidsoppgåver som siktar mot oppleving, forståing og kunnskap. Større medvit om kunstnarlege verkemiddel. Personleg oppfatning, samtale, drøfting. Bruksformer før og no, korleis dei vart og vert brukte.
Skann 254 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 252». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/254/