SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 250 skann 252

250 ulik konsistens, materialblandingar, reiskapar, tilarbeidingsmåtar og overflatebehandling. Støype skulptur i gipsform. Samansett skulptur: forme, tilarbeide og setje saman plater av ulike materiale. Meir teknisk krevjande teknikkar for samansetjing i tre, metall, tekstil og leire. Moderne og tradisjonelle materiale brukte på utradisjonelle måtar i skulptur. Arbeid i større dimensjonar i materiale som lettbetong og mjukt tre. Skjere ut mindre skulpturar i mjuke materiale. Eigne røynsler, vurdering av korleis materiale og teknikkar pregar uttrykket til skulpturen. Formålstenlege reiskapar. Form og farge: Ulik behandling av form i skulpturkunst. Arbeid med figurative, abstrakte og nonfigurative former. Rom som element i skulptur. Farge som framhevar eller skjuler materiala og uttrykket til skulpturen. Heilskap mellom skulptur og underlag, sokkel. BRUKSFORMING Bruksforming femner om leiker, reiskapar, innreiingsgjenstandar og klede. Arki tektur og tingkultur høyrer og med under dette hovudemnet. Eit naturleg utgangspunkt for å skape bruksform er dei behova elevane sjølv har. Det kan og vere behov i miljøet som vert påpeika eller som elevane oppdagar sjølv. Å lage bruksformer som er vakre og interessante, ved sida av at dei og har ein bruksfunksjon, kan ofte vere ei sterk drivkraft til skaping. Ønsket om å skape bruksform kan og springe ut av interessa for å lære og å meistre dugleik og teknikkar innanfor tradisjonelle eller nye materialområde. For å styrkje den estetiske sida og bruksverdien ved bruksforma er det viktig å leggje arbeid i gjenstanden. Oppover i klassane bør ein leggje vekt på meir analytiske arbeidsmåtar, og på at elevane får vurdere kva som er verdifullt for utforming av miljøet vårt. Samtidig må ein vere open for spontane formval. Dekor kan høyre nøye saman med bruksform. Arbeidet med dekor kan springe ut av spontan lyst til å pynte eller frå meir medvite arbeid for å gjere bruksformene meir verdifulle. 1.-3. klasse Personleg bruksform: Lage ting ein treng, enkle klede, ting til bruk på skolen og i fritida. Bruksting til andre, foreldre, sysken. Oppmuntre til enkel, funksjonell tenking ut frå behov. Samtale om materiale, form og farge. Materiale og teknikk: Prøve ut materiale som er grunnleggjande for arbeid med bruksform: tekstil, tre, leire. Lære enkle tilarbeidings- og samansetjingsmåtar: sage, skjere, lime, spikre, hole ut. Enkel vev, saum. Flette, strikke. Form og farge, dekor: Fargeval, framlegg frå elevane til fargar på klede og andre bruksformer. Form og farge frå naturen som utgangspunkt for dekor. Enkle dekorteknikkar for tre, tekstil, leire. Stempel- og sjablongtrykk, fritt broderi, setje saman til border og flatedekor. Forme om miljø: Enkel innreiing og omforming av skolemiljøet. Dekorere og lage bruksformer som kan gjere miljøet triveleg. Symbolisere eige miljø i sandkasse, plassere hus, vegar, butikkar, leikeplassar eller parkeringsplassar. Samtale om andre måtar å gjere dette på.
Skann 252 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 250». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/252/