SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 249 skann 251

249 Å gje att former ein har sett, særleg i plastiske materiale, kan vere ei utfordring for mange elevar etter kvart som dei kjem oppover i klassane. Men skulptur kan ein og uttrykkje og formidle gjennom utforming og materiale, i nonfigurativ form. Det må elevane få oppleve ut frå eige arbeid og gjennom døme frå kunst og formkultur. 1.-3. klasse Skildre, fortelje: Eigne opplevingar og røynsler. Bruke sansane. Eventyr, dramatisering. Spontan skulpturforming: Elevleik i sandkasse, med leire, klossar, natur- og restemateriale. Behov for å skape skulpturformer til leiken, symbolisere. Tverrfaglege arbeid der skulpturformer konkretiserer stoffet. Materiale og teknikk: Modellert skulptur i lett formelege materiale: leire, plastilin, pappmasjé. Samansett skulptur: enkle samansetjingsteknikkar for papp, papir, tekstilar og restemateriale. Samle materiale frå natur og nærmiljø, sjå løysingar, arbeide vidare med det i skulptur. Form og farge: Former i natur og nærmiljø, gje att i lett formelege materiale, eksperimentere og «finne» former som oppstår, bruke fantasien. Bruke fargar til å forsterke, understreke det skulpturen skal fortelje. 4.-6. klasse Skildre, fortelje: Eigne opplevingar og røynsler, spontane og meir gjennomarbeidde uttrykk. Forteljing, eventyr, mytar og segner med appell til fantasi og kjensler. Drama, musikk, leik som forsterkar oppleving og forståing. Impulsar frå skulpturmaterialet: Eigenskapar og løysingar ved materiala som kan motivere arbeidet med skulptur. Materiale og teknikk: Modellert skulptur: forme, skjere bort, tilarbeide overflata, pusse, måle; begitting og glasur på leire. Samansett skulptur: enkle samansetjingsteknikkar for papp, tekstil, leire, tre, natur- og restemateriale, lime, sy, felle saman, spikre, skrue. Hoggen eller skoren skulptur: enkel verktøybruk. Forme til materiale som isopor, halvtørr leire, lettbetong, mjuke tresortar. Meir medviten utprøving og bruk av skulpturmateriale og reiskapar. Form og farge: Samle naturformer og tilarbeidde former, studere, sjå løysingar, tilarbeide til skulptur. Gje att form i andre skulpturmateriale. Forhold mellom former, proporsjonar. Enkle omgrep: organisk og geometrisk form. Døme frå kunst, eigne arbeid, samtale. 7.-9. klasse Skildre, fortelje: Eigne opplevingar og røynsler, vekt på å forsterke uttrykket gjennom samtale og vurdering av verkemidla. Eige og andre sitt miljø, karakterisere personar og omgjevnader. Drama og rørsle som inspirasjon til arbeid med kjensleuttrykk: stilling, haldning, handling. Studiar av menneskekroppen. Skulpturkunst: Kunstuttrykk som gjev assosiasjonar gjennom formeigenskapar: mjuke, harde, aggressive. Musikk, nonfigurativ eller abstrakt kunst som impuls til eige skulpturarbeid. Impulsar frå materiala: Utsjånaden, eigenskapane og dei konkrete formene til materiala kan gje idear til arbeid med skulptur. Materiale og teknikkar som vert brukte i skulpturkunst, kan stimulere til utprøving i forenkla form. Materiale og teknikkar: Modellert skulptur: leire; eksperimentere med ulike typar,
Skann 251 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 249». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/251/