SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 22 skann 24

22 Skolen må vise at begge kjønn må ta på seg ansvar for ulike oppgåver og plikter i samfunnet. Arbeidslivskunnskap og yrkesorientering Gjennom undervisninga i skolen og praktisk røynsle må elevane få kunnskapar om arbeids- og yrkeslivet, både i lokalsamfunnet og i storsamfunnet. Elevane må og få hjelp til å vurdere sine eigne ønske og vilkår og til å setje seg realistiske mål, slik at dei kan førebu val av utdanning og yrke. Skolen må derfor gje informasjon om ulike yrke og om utdanningskrava som vert stilte. Praktisk arbeidslivskunnskap må vere med på å gje elevane konkrete og realistiske inntrykk av forholda i arbeidslivet. Læring i arbeidslivet er derfor ei røynsle som alle elevar skal få del i. Skolen må freiste å skape meiningsfylt samanheng mellom teoretisk og praktisk arbeidslivskunnskap, slik at aktivitetane får reell læringsverdi for elevane og kan skape eit allsidig grunnlag for yrkesval. Arbeidslivskunnskap må såleis vere ein del av det generelle læringsarbeidet i skolen. Både jenter og gutar må få hjelp til å sjå breidda i yrkestilboda. Skolen må prøve å stimulere begge kjønn til å velje utdanning og yrke utan omsyn til kjønnstradisjonar. Ulike sider ved jamstelling i arbeidslivet vil derfor vere eit viktig tema. Gjennom praktisk samarbeid med arbeidslivet, arbeidsformidlinga og vidaregåande skolar må ulike former for opplæring leggjast til rette. Teoretisk arbeidslivskunnskap er eit emne i orienteringsfag og samfunnsfag. I tillegg bør det vere innslag i andre fag, og skolen kan nytte einskildtimar, temadagar og temaveker. Praktisk arbeidslivskunnskap kan organiserast som arbeidsveke, valfag og som ulike ordningar for einskildelevar. Deltaking i praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetar bør føre til at elevane får kunnskapar om arbeidsområde og yrke som finst i eit samfunn, og på den måten eit betre grunnlag for å velje yrke. Sjå nærare om praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetar i fagplandelen, kapittel 14. Jamstelling mellom kjønna Skolen byggjer arbeidet sitt på prinsippet om likeverd mellom dei to kjønna. Det vil seie at jenter og gutar skal vere jamstelte i skolen. Dei skal til vanleg vere saman i felles klasse eller gruppe, dei skal ha likt timetal og lik undervisning i dei obligatoriske faga, og dei har same rett til å velje ulike valfag. Jenter og gutar skal ha dei same rettane og dei same pliktene på alle område i skolen. Det må stillast dei same forventningane til begge kjønn på alle fagområde og alle klassesteg. Det gjeld og i klasse- og elevrådsarbeidet. Jenter og gutar må få like stor merksemd, stimulans og utfordring i skolen. Undervisninga må ha som mål å styrkje fellesskapet mellom gutar og jenter. Dersom ein etter ei pedagogisk vurdering kjem fram til at fellesundervisninga ikkje gjev begge kjønn det best moglege faglege utbytet, kan det skipast til reine jente- eller gutegrupper i somme fag i ein avgrensa periode. Elevane og foreldra må vere samde i ei slik organisering.
Skann 24 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 22». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/24/