SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 247 skann 249

247 Eit høveleg utval av hovudmateriale er viktig for å kunne arbeide med faget. Det er nødvendig med god og oversiktleg lagringsplass. Vindaugo i minst eitt av formingsromma bør ein kunne blende. Romma bør ha utstillingsplass for elevarbeid og samlingar, og utval av litteratur. Det bør vere tilgang på tidhøvelege audiovisuelle hjelpemiddel og utstyr for arbeid med media. Formingsavdelinga vil vere utstyrt med reiskapar, verktøy, maskinar og hjelpemiddel som trengst for dei ulike aktivitetane. Særleg der yngre elevar nyttar klasserom til forming, bør det vere utstyr og reiskapar til å arbeide med harde og mjuke materiale. Ein måte å organisere materiala på er å dele inn klasserommet i stasjonar eller arbeidskrokar. Arbeidsromma må vera innreidde og utstyrte slik at ein unngår helseskadar. Ein må sørgje for å sikre maskinar, at det er avsug der det er fare for helsefarlege gassar og støv, og at det er isolert mot høgt støynivå og sterk lyskonsentrasjon. Hovudemne og delemne BILETFORMING Når elevane byrjar på skolen, kan dei fleste gje uttrykk for førestellingar, tankar og kjensler i to- eller tredimensjonale materiale. Evna til å utvikle eige biletspråk må ein stimulere og byggje vidare på i undervisninga. Materialrøynsle, teknisk dugleik og kunnskap om estetiske verkemiddel er ledd i den biletspråklege utviklinga til elevane. Det er viktig å leggje forholda til rette for at elevane får allsidige sanseinntrykk og impulsar som kan utvide førestellingane og auke uttrykksbehovet. Lysta til å skape bilete krev og tiltru til eiga uttrykksevne og forståing for biletskaping som ein viktig og særprega måte å uttrykkje seg på. Kunstbilete kan vise elevane at biletspråket kan formidle meiningsinnhald på mange ulike måtar. Biletkulturen i vår tid verkar meir og meir inn på både førestellingsverda og biletspråket til elevane. Det er naturleg at barn og unge leitar etter førebilete og identifiserer seg med den kulturen dei opplever i miljøet sitt. Her ligg det viktige pedagogiske utfordringar og sjansar. 1.-3. klasse Skildre, fortelje: Natur og nærmiljø, bruke sansane, skildre, gje att. Situasjonar frå heimen, skolen og fritida. Uttrykkje fantasi og kjensler: Aktuelle hendingar i elevane sitt eige liv. Opplevingar som appellerer til fantasi og kjensler, dramatisering, forteljing, eventyr. Kunstbilete: Kunstoppleving, lysbilete, kunst- og biletbøker, kunst og formkultur i lokalmiljøet. Bilete som informerer, påverkar: Bilete saman med tekst, plakatar, utstillingar. Materiale og teknikk: Enkle teiknereiskapar som gjev klar strek: blyant, filtpenn 0.1. Måling med dekkjande fargar: limfargar, temperafargar. Mjuke fargestiftar. Enkle trykkteknikkar: stempeltrykk, sjablongtrykk, underlagstrykk. Eksperimentere, utnytte sjansane i bilete. Samle og bruke materiale frå nærmiljø. Form og farge: Fargar kan uttrykkje kjensler. Finne døme i biletbøker, bruke fargane i eigne bilete. Fargane i natur og nærmiljø, årstidene. Eksperimentere med fargemateriale, bruke resultata i fabulerande og dekorative bilete. Former i natur
Skann 249 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 247». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/249/