SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 246 skann 248

246 Ein annan føresetnad for skapande arbeid er tid til å arbeide med stoffet mentalt og tid til å skaffe seg nødvendige kunnskapar og dugleik. Læraren må hjelpe elevane til å stille nye spørsmål og finne sjølvstendige løysingar på dei. Det er ein føresetnad for skapande arbeid at elevane kjenner seg trygge. Derfor må læraren prøve å gje elevane ei aksepterande haldning med omsyn til uttrykksevne og dugleik. Å sjå heilskap og samanheng frå fag til fag må vere eit mål for all undervisning. I forming kan elevane lære å sjå desse samanhengane dersom læraren gjennom brei fagleg orientering kan dra trådar mellom faga. Individuelt arbeid har alltid hatt stor plass i forming, som i kunst- og handverkstradisjonar i samfunnet elles. Men både fagleg og sosialt er det svært verdifullt å arbeide saman. Prosjektarbeid gjev elevane sjanse til å forstå eit problemområde betre gjennom skapande arbeid og samarbeid med andre. Forming gjer det mogleg å arbeide praktisk med emne frå fleire fag. Elevane kan konkretisere og arbeide praktisk med materiale, og knyte kjensle og oppleving til stoffet. Ved sida av å ha felleselement med område som er knytte til kunstartar som drama, dans, musikk og litteratur, kan faget ha felles stoff med til dømes norsk, matematikk og naturfag. 1 forming arbeider elevane med utforming og uttrykk, men også som i norsk med å utvikle omgrep. Som i matematikk arbeider dei i form og farge med storleik, tal og mengd. På fleire punkt er det samanfallande stoff med naturfag, i kjemiske prosessar og i fysiske endringar. I integrerte emne bør elevane oppleve og røyne ulike måtar å uttrykkje seg på som likeverdige, men heilt ulike. Jenter og gutar må få same undervisningstilbod i forming. Kjønnsrollespørsmålet er knytt til haldningar, normer og verdiar. For å endre haldningar må ein få arbeide med dei i tankar og kjensler. Ut frå særpreget og arbeidsmåtane til formingsfaget er det gode sjansar for å gjere måla for skolen verkelege. I forming er vurdering og rettleiing ein integrert del av undervisninga. Når ein vurderer undervisningsopplegg, bør ein avklare kva hovudmål og delmål opplegget siktar mot, og samtidig vere open for situasjonar og oppgåver som kan setje arbeidet i forming saman med andre fag. Somme gonger vil elevane føle at resultatet av arbeidet ikkje held mål, sjølv om arbeidsinnsatsen har vore stor. Det må vere ei oppgåve for læraren å gjere det klart både for elev og foreldre at andre resultat av prosessen kjem i tillegg til produktet: auka røynsle, innsyn, kunnskap og forståing. I ei oppsummerande vurdering av elevarbeida må læraren saman med elevane finne ut kva dei har oppdaga, registrert, lært eller opplevt. Ein bør leggje vekt på - personleg uttrykk bruk av, forståing av og vurdering av estetiske verkemiddel teknisk dugleik og innsikt i arbeidsprosessar haldning og engasjement i arbeidet med faget Rom, utstyr og læremiddel Forming er eitt fag, som har som føresetnad at arbeidsromma ligg i nær tilknyting til kvarandre. På skolar som ikkje har slike forhold, bør ein arbeide med praktiske løysingar på romorganiseringa.
Skann 248 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 246». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/248/