SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 245 skann 247

245 frå natur og produksjonsliv gjev nærleik og kontakt med miljøet til elevane. Kulturbakgrunnen til innvandrarane og tradisjonane og uttrykksmåtane deira kan inspirere og styrkje undervisninga. Kvart materialområde krev ulik teknisk dugleik. Arbeidet med det tekniske er nøye knytt til sansing og motorikk og går på ulike måtar inn i dei ulike hovudemna. Læraren bør leggje vekt på progresjon i bruk av teknikkar og sentrale materialfelt: tre, tekstil, leire, metall og materiale for teikning, måling og grafikk. Praktisk dugleik skal vere ein reiskap for elevane til å uttrykkje seg og vere med på å gje miljøet ei personleg og formålstenleg utforming. Å øve opp praktisk dugleik krev konsentrasjon og tid. Det må ein hugse på når ein planlegg og disponerer undervisninga. Elevarbeid, kunst og formkultur bør vere utgangspunktet for å verte fortruleg med bruk av estetiske verkemiddel. Elevane utviklar estetisk varleik ved å gje form til kjensle, fantasi og førestelling, gjennom å møte materiale og teknikk og ved å arbeide med form og farge der vurdering og tilmåting er viktig. Kunst og formkultur bør vere ein sentral del av lærestoffet. Kulturstoffet femner om biletkunst, kunsthandverk, arkitektur, folkekunst, litteratur, dans, drama, musikk og medium. Frå dette store området kan ein hente impulsar, inspirasjon og kunnskap. Men spesielt relevant for faget er likevel den delen av området som går på bilet- og bruksformer. Handverks- og uttrykkssida og det estetiske kan her vere direkte utgangspunkt for oppgåver. Massemediekulturen er ein viktig del av dei røynslene elevane har med bilet- og bruksformer. Undervisninga tek sikte på å utvikle haldningar til dei positive og negative verknadene av mediekulturen, og lære elevane å bruke verkemiddel på ein personleg måte. Arbeidsmåtar Forming omfattar område som utfordrar heile personlegdommen. Det gjev grunnlag for allsidige arbeidsmåtar. I undervisninga bør ein leggje vekt på utgangspunktet for skaping, som kan vere: idear, problemstillingar eller materiale og teknikkar, form og farge. Dei er delar av alle formingsprosessar. Utgangspunktet kan og vere praktiske oppgåver som skal løysast, eller gjenstandar som treng å verte vedlikehaldne. Same kva utgangspunkt ein har, bør ikkje ein arbeidsmåte dominere undervisninga. Ein kan arbeide spontant og intuitivt, stimulere til eksperimenterande og leikande arbeids- og handlemåtar på alle klassesteg. Men elevane må og få innsikt i at formingsarbeid kan krevje meir analytiske og problemløysande arbeidsmåtar. Ein kan leggje grunnlaget for slik innsikt alt på dei tidlege klassestega. Måten det vert gjort på, og omfanget av slike arbeidsmåtar må ein vurdere i forhold til kor modne elevane er generelt, og i høve til den individuelle utviklinga deira. Skapande eller kreative måtar å tenkje og arbeide på står sentralt i forming. Læraren legg vekt på oppgåver som gjev rom for ulike løysingar, på at elevane har gode kunnskapar innanfor det aktuelle området, og at dei opplever stoffet som engasjerande, meiningsfylt og intenst. Her er det naturleg å dra inn andre fag og uttrykksformer.
Skann 247 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 245». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/247/