SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 244 skann 246

244 - å gjere elevane vare for estetiske verdiar i arbeid med materiale, form og farge - å sjå eige arbeid i lys av kulturelle ytringsformer og utvikle kritisk sans for tingog biletkulturen i samtida, og såleis oppdra til medansvar for miljøet vårt Lærestoff og progresjon Lærestoffet i forming handlar om å skape, vurdere og forstå bilete, skulptur og bruksform og bruke det i meiningsfylte samanhengar. Lærestoffet er delt inn i fem hovudemne: bilet/arming, skulpturforming, bruksforming, forstå og vurdere bilete, skulptur og bruksform og forming i temasamanheng. Kvart hovudemne har sine særdrag og si faglege tilknyting til ulike felt innanfor kultur- og samfunnsliv. Men områda har og nær samanheng med kvarandre. Ein del arbeidsstoff dannar overgangar mellom hovudemna. Bilete og skulptur kan ein ofte sjå i ein sams uttrykks- og kommunikasjonssamanheng. For at det skal verte samanheng og progresjon, er dei fleste delemna under kvart hovudemne gjentekne på ulike klassenivå. Stikkorda syner korleis ein kan arbeide med delemna med ei utvikling frå det nære og konkrete til ein meir differensiert og problemorientert synsvinkel. Planen siktar mot progresjon ved å utvide og differensiere røynslene til elevane med grunnleggjande materiale, teknikkar og reiskapar. Stikkorda er valde med tanke på å auke graden av sjølvstende og evna til å vurdere og formulere seg medvite og klart. Målet må vere å finne fram til stoff og oppgåver som elevane er opptekne av. Utgangspunktet for arbeid i forming, idear, problemstillingar, røynsler, tema kan ein hente frå ulike livsområde. Det er naturleg å bruke eigne opplevingar, tankar og kjensler eller ta opp stoff frå den nære kvardagen, lokalmiljøet eller samfunnet elles. Skolen må stimulere «gjer-det-sjølv»-aktiviteten som i dag gjer seg stadig sterkare gjeldande i tilknyting til hus, hytte, reiskapar, maskinar o.a. Arbeid med individuelle tema kan lære elevane å forstå seg sjølv betre, og dermed føre til personleg utvikling. Gjennom tema og oppgåver som er knytte til miljø og samfunn, kan elevane få større innsikt i korleis menneske lever saman, og korleis miljøet er med på å forme menneska. Det visuelle miljøet kan elevane studere gjennom gammal og ny arkitektur, og gjennom utforming av ulike bumiljø. Temaa kan ein finne gjennom røynslene til elevane, gjennom dei andre skolefaga, gjennom medium eller gjennom kunst og formkultur. Det utgangspunktet ein vel, og den måten arbeidet vert ført vidare på, er avhengig av kor modne elevane er, og kva føresetnader dei har. Same kva nivå dei er på, bør ein leggje vekt på stoff som motverkar einsidige haldningar og oppfatningar. Lærestoffet i forming er omfattande og gjev mange ulike måtar å arbeide på. I det lokale planleggingsarbeidet vert det derfor viktig å skape oversyn og tenkje framover, slik at det vert kontinuitet og progresjon. Breidd i stoffvalet kan gje variasjon og motivering, men for stor spreiing kan føre til at arbeidet vert overflatisk og oppstykkja. Årsplanane oppover i klassane bør gje høve til å gå i djupna innanfor hovudemna, og til å arbeide med sentrale materiale og teknikkar som elevane lærer å bruke og meistre. Det er viktig å utnytte særpreget ved miljøet. Tradisjonar i kunst og formkultur bør brukast i undervisninga innanfor måla og rammene til faget. Lokale materiale
Skann 246 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 244». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/246/