SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 243 skann 245

KAPITTEL 30 243 FORMING Utgangspunktet for skapande arbeid er menneskelege tankar, røynsler, kjensler og behov. Gjennom arbeid i materiale får dette arbeidet synleg form i bilete, skulptur og bruksformer. Faget forming byggjer på kunnskap og røynsle som gjennom tidene har nedfelt seg i kunst og formkultur, og i arbeid med å føre vidare og formidle uttrykk på dette området. Forming kan vere med på å gjere elevane opne for estetiske verdiar gjennom skapande og formidlande gjeremål, og gje dei grunnlag for å vekse inn i og ta del i ein kultursamanheng. Faget fremjar personlegdomsutviklinga gjennom aktivitetar som uttrykkjer og bind saman kjensler, tankar og dugleik. Forming gjev sjanse for uttrykk og kommunikasjon og for konkretisering av tankar og omgrep. Arbeid med materiale og reiskapar gjev dugleik og røynsler med praktiske produksjonsprosessar. Det er med på å gje elevane forståing for arbeidsliv og materiell kultur og stimulerer til handling og deltaking. Mål Undervisninga i forming skal ta sikte på - å utløyse aktivt, personleg engasjement hjå elevane gjennom allsidig skapande arbeid å gje elevane røynsle med formålstenlege materiale og teknikkar og øve opp praktisk dugleik å gje røynsle i og forståing for bilete, skulptur og bruksform som form og uttrykk prega av individ og av samfunn - å stimulere kjensle, fantasi og tanke gjennom arbeid med tema, idear og røynsler
Skann 245 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 243». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/245/