SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 21 skann 23

21 ELVERUM LÆRERHØGSKOLI lIBLIOTEKET skolen vere ein naturleg samlingsstad for ulike kulturelle og sosiale aktivitetar. Slik kontakt kan gjere skolen til ein verdifull kulturinstitusjon, og gjere sitt til å styrkje fellesskapet og samhaldet i lokalsamfunnet. Godt samarbeid mellom skolen og heimane er ofte det beste utgangspunktet for kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet. Foreldrerådet og samarbeidsutvalet har i særleg grad ansvar for å fremje slik kontakt. Skolen skal arbeide for å gje alle barn og unge, utan omsyn til personlege føresetnader, den same sjansen til å oppleve at dei høyrer til i skolen og nærmiljøet. Læring i lokalsamfunnet For at skolegangen skal verte praktisk og livsnær, må skolen arbeide for å gjere undervisninga mest mogleg konkret og aktuell i alle fag og emne. Dei problemstillingane skolen tek for seg, og dei arbeidsmåtane som vert valde, må vere slik at elevane klart ser samanhengen med situasjonar og forhold dei møter i samfunnet utanom skolen. Skolen må vere open mot samfunnet omkring seg og utnytte læringstilbod og kunnskapskjelder som finst i lokalsamfunnet. Arbeid med lærestoff frå nærmiljø og lokalsamfunn gjev elevane auka sjansar til å bruke eigne røynsler som grunnlag for vidare læring i skolen. Emne frå miljøet kan dragast inn for å illustrere og konkretisere meir generelle emne innanfor ulike fagområde. Lokale forhold kan på den måten brukast som utgangspunkt for å arbeide med tema som har eit vidare og meir generelt perspektiv. Kunnskapar om forhold i lokalsamfunnet kan og vere eit godt grunnlag for å få innsikt i forhold i storsamfunnet og verda elles, og for å forstå samanhengar mellom det som skjer i og utanfor lokalsamfunnet. Praktisk organisering og gjennomføring av lokalt prega undervisningsopplegg må tilpassast lokale forhold. Det er viktig at slike opplegg ikkje er skilde frå undervisninga elles. Utfordringa er å gje undervisninga lokal utforming og lokalt innhald når det er naturleg. Derfor vil det ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i lokale forhold og i dei røynslene elevane har sjølv. Når det er mogleg og naturleg, bør elevane få høve til å lære gjennom aktiv deltaking og eigne opplevingar i lokalsamfunnet. Ekskursjonar, studiebesøk og feltarbeid vil vere aktuelle arbeidsmåtar. Praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetar Skolen må gjere det mogleg for alle elevar å ta del i arbeids- og omsorgsoppgåver knytte til praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetar i skolen og i arbeidslivet og samfunnet utanfor skolen. Slik deltaking må gå inn som ein del av skolegangen gjennom heile grunnskolen. Å organisere slike aktivitetar er ei naturleg samarbeidsoppgåve for foreldre, elevar og lærarar. Ut frå dei vilkåra som eksisterer, må oppgåvene vere mest mogleg allsidige. Særleg viktig er det å knyte praktiske kontaktar med arbeidslivet. Eldre menneske har ofte omfattande lokal kunnskap og røynsle, og samarbeid mellom skole og eldre er derfor verdifullt. Praktiske, sosiale og kulturelle aktivitetar må gje elevane høve til å utfalde seg aktivt, og lære dei å ta ansvar og å samarbeide med andre, både unge og vaksne. Det er viktig å finne fram til oppgåver som viser elevane at det er bruk for dei, og som lokalsamfunnet kan ha nytte av. Å lære elevane til å oppdage kva oppgåver som finst i lokalsamfunnet, kan vere med på å auke samfunnsengasjementet og samfunnsansvaret deira.
Skann 23 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 21». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/23/