SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 237 skann 239

237 og andre fag, og styrkje samanhengen mellom oppleving og kunnskap i andre fag. For at dei berande prinsippa i planen skal kunne gjennomførast, er det viktig at skolen gjev musikklæraren høve til å arbeide med ulike gruppestorleikar, og at ein sikrar kontinuiteten i musikkundervisninga. Læremiddel Musikkfaget er ressurskrevjande når det gjeld læremiddel. Dersom ein skal kunne gjennomføre viktige prinsipp i planen og til dømes leggje vekt på eigenaktivitet, må skolen ha ei velutstyrt samling av læremiddel. Det er og viktig at skolen har rom der det er plass til å røre seg, og med høveleg akustikk for musikkarbeid. Det er dessutan ønskjeleg med grupperom, eventuelt øvingsrom. Oppbygginga av ei læremiddelsamling i musikk må ein planleggje lokalt. Ein må leggje langsiktige planar, som tek omsyn til storleiken på skolen, kva metodisk bakgrunn lærarane har og det reelle bruksbehovet. Læremiddelsamlinga bør innehalde instrument, avspelingsutstyr, lærebøker, handbøker, notemateriell, bilet- og lydmateriell. Samlinga bør ta omsyn til musikkulturen variasjon blant elevane og spegle lokale særdrag ved musikklivet. Kvaliteten på instrument og avspelingsutstyr må vere god. Hovudemne og delemne SONG OG ANNAN VOKAL AKTIVITET Røysta er det næraste og mest naturlege musikalske uttrykksmiddelet vårt. Når barn byrjar på skolen, er song og annan vokal aktivitet den felles røynslebakgrunnen dei har når det gjeld aktiv omgang med musikalske uttrykksmiddel. Sjølv om barn i tidleg skolealder ofte bruker lite toneomfang i den spontane songen sin, er det viktig at læraren er klar over at dei ofte kan lære seg meir samansette melodiar med større toneomfang gjennom imitasjon. Lærarane må kjenne seg frie til å nytte songar dei sjølv er glade i, og akseptere elevidear og framlegg om songval. Det kan vere viktig å repetere songar nokså ofte, slik at klassen får eit songrepertoar som er deira eige, og som dei kan ta fram og bruke i ulike situasjonar. Det er viktig å vidareføre songen som eit sams kulturelement. Songar frå lokal og nasjonal songtradisjon bør danne grunnstamma i songutvalet. Elevane må drive med song og vokal aktivitet i samband med at dei lyttar til songar og ulik vokalmusikk, barneplater og kassettar, lokale kor, songgrupper 0.1. Det er og viktig at arbeidet med røysta vert sett i samanheng med gehørtrening. På alle klassesteg høver arbeidet med song særleg godt til samarbeid med andre fag, til dømes kristendomskunnskap og orienteringsfag, eller i arbeidet med poesi og lyrikk i norsk. Arbeidet med song og annan vokal aktivitet må ein sjå i samanheng med hvoudemnet spel på den måten at også røysta må reknast som eit instrument.
Skann 239 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 237». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/239/