SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 236 skann 238

236 og evne til å bruke informasjon og kunnskap når dei vurderer musikk. Det er viktig å understreke at musikkfaget byggjer på den føresetnaden at alle barn har musikalske evner som kan utviklast. Musikkfaget er eit fag der alle kan vere med i sams musisering ut frå eigne føresetnader. Musikkfaget gjer det mogleg å gje meiningsfylte oppgåver til barn og unge med særlege behov. Dersom ein bruker samspelsatsar med ulik vanskegrad og utfordring i dei einskilde stemmene, eller fellessong, spesialinstrument og individualiserte improvisasjonsopplegg, kan ein tilpasse utfordringane slik at alle kan oppleve gleda ved å meistre noko innanfor klassefellesskapet. Ved at ein legg vekt på arbeidsformer der kvar elev får positive meistringsopplevingar, kan musikkfaget vere med på å styrkje sjølvkjensla og ha positiv innverknad på den mentale helsa. Samarbeid med det lokale musikklivet Musikkfaget kan ha særlege fordelar av å byggje på den sterke musikkinteressa blant barn og unge i dag, både når det gjeld utøving og lytting. Skolen bør leggje forholda til rette for samarbeid med organiserte og uorganiserte musikkaktivitetar i lokalmiljøet, til dømes kor, korps, orkester, tradisjonelle folkemusikkaktivitetar og ulike band. Kor, korps, orkester og liknande ved skolen kan ein rekne som ein del av musikkundervisninga i skolen. Undervisninga i musikk bør derfor leggjast opp slik at elevane kan sleppe til med kunnskapar, song- og speledugleik som dei har lært seg i fritida. Samarbeidet med det lokale musikklivet er avgjerande for at elevane skal kunne øve og praktisere den utøvande dugleiken sin jamt. Andre døme på samarbeid med lokalmiljøet er sams engasjement om lokale kultur- og musikkverkstader. Skolen bør samarbeide med den kommunale musikkskolen der han finst, om sams utnytting av instrument, lokale, lærarkrefter og timeressursar. Samordna kommunal musikkopplæring er viktig for å sikre at musikkundervisninga vert så god som mogleg. I eit slikt samarbeid må tyngdepunktet i musikkundervisninga liggje i grunnskolen, og undervisninga må byggje på mønsterplanen. Eit hovudmål må vere at elevane ser samanhengar mellom musikkopplæringstilbodet i skolen og i lokalmiljøet. Lokalt læreplanarbeid skal ta sikte på å fremje slik organisatorisk planlegging og ta vare på lokale musikkulturelle interesser. Kontakten med lokalmiljøet kan ein og fremje og utnytte ved at skolen knyter kontaktar med musikalske ressurspersonar i lokalmiljøet. Arbeidet i musikktimane kan munne ut i ei framføring i lokalmiljøet, gjerne i tilknyting til anna kunstutøving. Undervisninga i musikk bør leggje vekt på kva verdi musikk, dans, rørsle, teater og liknande har som miljøskapande samværeformer i skolekvardagen. Læraren bør bruke dei tilboda som finst i skoleradio og skolefjernsyn. Vennskapsklassar i lokalmiljøet, andre distrikt eller andre land, med til dømes utveksling av turnear, kassettar 0.a., kan og vere med på å styrkje musikkinteressa. Sjansane til tverrfagleg arbeid gjennom musikk bør nyttast, til dømes i prosjektarbeid. Det kan hjelpe elevane til å sjå samanhengar mellom musikkfaget
Skann 238 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 236». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/238/