SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 235 skann 237

235 Skapande aktivitetar omfattar lærestoff som eksperimentering med røyst og instrument, kroppsuttrykk og rørsle. Det omfattar og freistnader på å setje saman uttrykk til enkle komposisjonar, skape musikalske illustrasjonar til utanommusikalske tema, å dramatisere ulike hendingar gjennom lyd- og klangrekkjer. Arbeidet føregår i heil klasse og i grupper, som utgangspunkt for, og etter kvart i vekselverknad med individuelt arbeid. Skapande aktivitet bør ta utgangspunkt i tema frå kvardagen til elevane, og bør vere eit sentralt ledd i tverrfagleg arbeid. Skapande aktivitet styrkjer og dugleik i song og spel som føresetnad for å forme og arbeide med eigne og andre sine uttrykk. Gjennom gjenskapande aktivitetar skal musikkundervisninga fremje praktisk kunnskap om ulike musikalske uttrykksmiddel, og inspirere elevane til å skape sjølvstendige uttrykk. Arbeidet med uttrykksmidla i musikken femner om lærestoff som skal styrkje den utøvande dugleiken til elevane. I det arbeidet vil røystbruk stå sentralt, og det er viktig at songen får ein sentral plass både i musikktimane og i andre timar. Gjennom lytting skal elevane lære å konsentrere seg om musikk, og lære seg til å vere aktive overfor musikk som er kjend eller ukjend. Gjennom lytteaktivitetar skal elevane utvikle evna til å hugse og tenkje seg musikk, verte fortrulege med ulike sjangrar og stilartar, og verte merksame på opplevingsskapande element i musikken. Arbeidet med lytting tek utgangspunkt i dei klingande elementa musikken er sett saman av, som til dømes klang, tempo, puls, rytme, tidslengd, styrke, tonehøgd, melodi, harmoni eller form og struktur. Dessutan freistar ein å vise korleis slike element er med på å skape og utløyse spenning eller forme spesielle kjensler og tankar som oppstår under lyttinga. Det er viktig at lyttedøme vert valde frå ulike musikalske sjangrar og kulturar, slik at læraren er med på å opne elevane for dei opplevingsskapande verkemidla som er til stades i all musikk. Ved å kombinere musikk med andre uttrykksmiddel skal elevane utvikle evna til å forsterke personlege og kunstnarlege uttrykk. Læraren må særleg leggje vekt på at elevane lærer å meistre danse- og rørsleformer frå eige miljø og andre kulturar. Ved å kombinere musikk med til dømes rørsle, språk, bilete, uttrykk fra massemedia eller heilskaplege dramatiske handlingar skal elevane få høve til å overføre musikalske inntrykk til andre uttrykksformer. Tema eller stoff til slikt arbeid kan ein hente frå kvardagen til elevane eller frå andre skolefag. Gjennom arbeidsmåtar som legg vekt på å utvikle evna til å forstå og vurdere, skal elevane lære å gjennomarbeide dei musikalske røynslene sine med tankane, og kommunisere omkring musikkopplevingar gjennom språket. Læraren må leggje vekt på at elevane utviklar evna til å vurdere musikk og ulike musikalske bruks- og omgangsformer. Vidare skal elevane få kunnskap om musikalske faguttrykk og notasjonssystem, musikalsk stil og funksjon i ulike historiske og kulturelle samanhengar, og utvikle evna til å gjere eigne verdival. I arbeidet med ulike hovudemne og delemne bør elevane få kontinuerleg vurdering og rettleiing som oppmuntrar til spontanitet, oppfinnarglede, improvisasjonsevne, formsans og uttrykksvilje. For å styrkje evna til å bruke musikk som kontaktskapande middel bør læraren hjelpe elevane til å ta initiativ til og ansvar for å gjennomføre og formidle musikalske samhandlingar og samspel. Der målet er å auke musikalsk forståing og opplevingsevne, bør elevane få rettleiing som utviklar interesse for musikk, konsentrasjon under lytting, påaktingsevne, oppdagingsevne
Skann 237 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 235». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/237/