SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 234 skann 236

234 generelle musikkpedagogiske system danner eit utvida grunnlag for musikkundervisninga. Slik delemna er skisserte i planen, dekkjer dei eit stort og variert stoffområde. Men fleire av delemna heng nøye saman, og ved å kombinere eller slå saman fleire delemne vil det vere mogleg å redusere stoffmengda eller fordjupe seg i eit tema over lengre tid. Ei langsiktig planlegging skal og ha som mål å sikre progresjon i lærestoffet. I musikkfaget vil det ofte vere aktuelt å arbeide med same stoffet over lang tid, og å ta opp att same lærestoffet på seinare klassesteg. Arbeidsmåtar Ei vellukka musikkundervisning er ofte avhengig av at læraren viser musikkulturen forståing og er allsidig, slik at han kjem elevane i møte. Samtidig er det viktig å leggje vekt på arbeidsmåtar som gjev elevane eit meir aktivt, ope og medvite forhold til musikalske kvalitetar. Sentrale arbeidsmåtar i musikkfaget er å drive med musikalske aktivitetar, skaffe seg røynsle, verte medviten om røynsla og bruke henne i nye situasjonar. Ofte er det ikkje klare grenser mellom desse arbeidsmåtane, og dei opptrer ikkje alltid i denne rekkjefølgja. Med musikalsk aktivitet meiner vi i fyrste rekkje song og annan vokalaktivitet, spel, musikk og rørsle, lytting og dramatisering til musikk. Også arbeid med ulike musikalske emne som til dømes musikk i massemedia eller innsamling av folkemusikk kan reknast som musikalsk aktivitet så lenge det er elevane som er aktive. Viktige arbeidsmåtar her er opptak, intervju 0.1. Gjennom den musikalske aktiviteten skal elevane skaffe seg røynsler som er viktige for utviklinga av musikalske haldningar, kunnskapar og dugleik. Læraren bør hjelpe elevane til å ordne og utdjupe høyrselsinntrykk, og styrkje evna deira til å gje uttrykk for det opplevde ved at dei bruker røysta, instrument og rørsle. Språket skal i fyrste rekkje brukast som eit verktøy til å samtale omkring det ein høyrer, korleis ein ønskjer å skape eit musikalsk produkt, og til å få fram dei ulike situasjonane der musikk vert brukt. Med uttrykket «å gjere røynsler medvitne» meiner ein at elevane skal ta til seg kunnskap etter at dei har gjort røynsler med denne kunnskapen gjennom musikalske aktivitetar. I mange tilfelle vil røynslene elevane får gjennom den musikalske aktiviteten, føre til at dei forstår kvifor kunnskapen er nødvendig. Det kan til dømes verte nødvendig å kunne notere tonehøgder og rytmar og lage grafiske illustrasjonar av ulike klangar, noko som kan førast vidare til kunnskap om akkordnotasjon, besifring osv. Røynsler som elevane har fått gjennom musikalsk aktivitet, kan dei bruke i nye situasjonar i samanheng med skapande eller gjenskapande aktivitet, lytting til musikk, arbeid med å bruke musikk i samanheng med andre medium, eller gjennom arbeidsmåtar som legg vekt på forståing og vurdering. Gjennom skapande aktivitet skal elevane utvikle nyfikne overfor ulike musikalske uttrykksformer og verte kjende med nyansar i det musikalske materialet og elementa. Elevane skal utvikle evna til å forme samanhengande uttrykk som svar på inntrykk og røynsler frå kvardagen, og styrkje evna til å løyse musikalske problem.
Skann 236 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 234». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/236/