SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 233 skann 235

233 Lærestoff og progresjon Undervisninga i musikk skal ta utgangspunkt i dei personlege og musikkulturelle føresetnadene elevane har, og fremje eigenaktiviteten til elevane og deira aktive vurdering av musikk. Arbeidet skal byggje på det klingande musikalske materialet. Val og utforming av lærestoff skal skje med tanke på at elevane skal møte musikalske kvalitetar, noko som igjen skal inspirere til musikalsk eigenaktivitet. Undervisninga bør formast ut med tanke på at elevane får forståing av kva musikk kan uttrykkje. Elevane bør lære å ha ei open haldning til opplevingsskapande element i musikken, og lære å setje pris på ulike typar musikk. Lærestoffet skal vidare formast ut med tanke på å framheve at musikk kan brukast til å skape trivsel, meistringsglede, samhandling og fellesskap. Innhaldet i faget vil femne om delemne som til dømes spenner frå å gjere elevane merksame på skilnader i lydar, til samtalar om musikken i massemedia eller drøftingar av spørsmål som gjeld bruk av musikk. Det femner og om delemne som skal hjelpe elevane med å ta standpunkt til spørsmål om kvalitet og verdi i musikken. Kunnskapane i faget femner om emne som ulike notasjonsmåtar, faguttrykk som er nødvendige for å framføre og samtale om musikk, og historisk og musikkulturen kunnskap som vil hjelpe elevane til å vurdere kva funksjonar musikken har i samtida, i ulike historiske periodar og i andre kulturar. Tema som vert tekne opp i musikktimane, kan ein hente frå og behandle i andre skolefag. Musikk kan brukast til å gje elevane informasjon, og dei får ein særleg sjanse til å oppleve og arbeide med slik informasjon både gjennom kjensle og tanke. Det er mange høve til å arbeide med tverrfaglege emne i musikktimane. Musikk, ikkje minst song, kan dessutan vere eit sentralt innslag i andre fag og timar. Musikken kan derfor vere ein viktig generell reiskap for læring. Elevar på alle steg vil ha ulik røynslebakgrunn i musikk og ulike føresetnader for å arbeide med faget. Somme vil til dømes følgje instrumental- eller vokalundervisning ved ein kommunal musikkskole, andre spelar i band, korps, orkester, syng i kor eller driv med folkemusikk. Likevel er det som oftast fleire elevar i klassen som ikkje har noko praktiske utøvande forhold til musikk utanom den musikkundervisninga dei får i skolen. Når lærestoffet skal vere for alle, må det ta utgangspunkt i det som er felles for alle desse elevgruppene og deira forhold til musikk: lytting og oppleving. Gjennom skapande musikalsk aktivitet kan klassen få eit felles lærestoff. Slikt skapande arbeid tek utgangspunkt i dei to grunnleggjande delane av musikken: klang og tid. I arbeid med hovudemne og delemne får elevane røynsler med klang og tid som etter kvart vert kunnskap om rytme, rørsle og form, tonehøgder, klangar, dynamikk osv., med notasjonen som høyrer til. Lærestoffet er ordna i fem hovudemne som går att på alle tre stega: song og annan vokal aktivitet, spel, musikk, rørsle og drama, skolekonsert og musikkorientering. Det er viktig, særleg på lågare klassesteg, at både hovudemne og delemne vert tekne opp på ein heilskapleg måte, til dømes ved at musikalsk aktivitet vert utgangspunkt for lytting, kunnskap, vurdering og innøving av dugleik. Musikkpedagogisk utviklingsarbeid, lokalt læreplanarbeid, metodeverk og
Skann 235 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 233». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/235/