SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 232 skann 234

KAPITTEL 29 232 MUSIKK Undervisninga i musikk tek utgangspunkt i at alle menneske er musikalske og har behov for musikk til å gje uttrykk for kjensler, tankar og fantasiar. Musikk utviklar estetiske haldningar og allsidig personlegdom hjå elevane gjennom aktivitetar som uttrykkjer og bind saman kjensler, tankar og dugleik. Gjennom felles musisering kan ein skape sterke og gode opplevingar av fellesskap og trivsel. Ved å styrkje evna til å leve seg inn i musikalske uttrykk frå andre er vi med på å leggje grunnlaget for betre kommunikasjon mellom individ og grupper i samfunnet. På den måten kan det og skapast tilhøyrsel til lokal og nasjonal musikktradisjon. Musikkfaget kan auke forståinga vår av korleis musikk har vore brukt og fungert i ulike tider, samfunn og kulturar. Slik kan det vere med og leggje grunnlaget for aktiv deltaking i og utforming av miljø og samfunn, med sikte på auka livskvalitet i fritid, familie-, arbeids- og samfunnsliv. Mål Undervisninga i musikk skal ta sikte på å utvikle evna til å oppleve, uttrykkje og vurdere musikk - å skape større innsikt i musikkhistoria, grunnmaterialet og uttrykksmåtane i musikken å fremje interessa for aktiv musikkutfalding og utløyse og kultivere skapande krefter å fremje personleg vekst og vise korleis musikk kan formidle kontakt, trivsel og samkjensle å styrkje elevane si oppleving av sosial tilhøyrsel, kulturell og nasjonal identitet å gje forståing av og innsikt i korleis musikk vert brukt i ulike sosiale, kulturelle og historiske samanhengar
Skann 234 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 232». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/234/