SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 228 skann 230

228 regnbogen. Sola som lyskjelde. Svekt syn, briller, kontaktlinser. Mikroskop, kikkert, fotoapparat og andre optiske instrument. Andre sansar: Smak, lukt, trykk, smerte, varme, kulde. Sansar hjå ulike dyr. ENERGI, NATURRESSURSAR OG LIVSGRUNNLAG Emnet skal utvikle elevane sine kunnskapar om energi og korleis energien kan utnyttast. Alle dei materielle produkta våre er laga av råstoff som er henta frå naturen og forma om ved hjelp av arbeid og energi. Derfor er alle samfunn avhengige av at dei har dei nødvendige råstoffa, og at dei har energi til å forme om og transportere dei. Det er eit nødvendig livsgrunnlag for samfunna våre, både i tidlegare tider og no. Tidlegare henta ein energien frå menneskeleg fysisk arbeid, eller til dømes ved å bruke hest. I den industrielle revolusjonen byrja menneska å bruke energien frå kol til å drive maskinar som kunne utføre mange slags arbeid. Sidan den gongen har vi teke i bruk stadig nye energikjelder, og vi har fått stadig betre måtar å forme om energien i desse kjeldene på. Både råstoff og mange energikjelder er lagra i naturen i avgrensa mengder. Derfor har vi eit stort ansvar for korleis desse ressursane skal nyttast ut. Det ansvaret har vi både overfor andre samfunn på jorda i dag og overfor komande generasjonar. Energiomgrepet: Energi som «det som får ting til å skje». Ulike former for energi. Krefter, arbeid og energi. Lagring og overføring av energi, energikjeder. Energioverføringar i enkelt utstyr. Energi som bevart storleik, men med nytteverdi som minkar ved overføring. Temperatur og varme. Energikjelder: Fornybare ressursar, til dømes vatn, vind, bølgjer, biomasse, jordvarme, solenergi. Omforming til energiformer som kan utnyttast. Lagerressursar, til dømes olje, gass, kol. Omforming og raffinering. Utnytting av desse kjeldene før og no. Atomenergi ved fisjon og fusjon. Energi frå kjelde til forbrukar. Miljøkonsekvensar ved naturinngrep og ved ureining. Moglege energikjelder i framtida. Lokal bruk av naturressursar og energi: Materielt grunnlag for lokal busetjing, som til dømes skog- og gardsbruk, jakt og fiske, gruvedrift. Utnytting av lokale energikjelder, møller, sagbruk. Kva finst lokalt, kva kjem utanfrå? Naturgrunnlaget for det lokale næringslivet og industrien i dag. Det lokale elektrisitetsnettet, kva vert produsert lokalt, kva kjem utanfrå? Noreg som olje- og vasskraftland: Norske ressursar i internasjonalt perspektiv, forbruket vårt pr. innbyggjar samanlikna med andre land. Ulike framtidsperspektiv. Energiøkonomisering: Energibalanse i eit hus, isolasjon og varmetap, ulike fyringssystem, kva energien i ei hushaldning vert brukt til. Utnytting av solenergi til oppvarming, energisparehus. Attvinning av varme. Framtidsperspektiv. Energitap i elektrisitetsnettet. ELEKTRISITET I DAGLEGLIVET Hovudemnet skal gje elevane kunnskapar om elektrisitet og kjennskap til korleis elektrisiteten vert brukt i samfunnet. Sidan elektrisiteten vart teken i praktisk bruk for snautt 100 år sidan, er han vorten uunnverleg på stadig fleire måtar. I privat hushaldning gjev elektrisiteten energi til både lagring og tillaging av mat, oppvarming, lys og reingjering. Informasjon, underhaldning og kontakt med
Skann 230 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 228». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/230/