SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 227 skann 229

227 Energikjeder og energipyramidar: Sola som energikjelde. Energiovergangar mellom biologisk, kjemisk og fysisk energi. Overskot frå naturen: Viltveksande nytteplantar, dyrka plantar og planteforedling. Naturleg og kunstig gjødsling. Gartnararbeid og skolehagar. Jakt og fiske. Husdyrhald og foredling. Oppdrett av fisk og andre dyr i vatn. Overutnytting og mottiltak. Ureining og øydelegging av miljø. Opphoping av giftstoff i næringskjedene. Åtferd: Instinkt. Læring. Sanseorgan. Korleis dyr ferdast i luft, vatn og på jord. Energihushaldning hjå dyr. KROPP OG HELSE Arbeidet med dette hovudemnet skal vere med på å gje elevane innsikt i korleis menneskekroppen er bygd opp, og korleis han fungerer. Kroppen er eit spennande byggverk der kompliserte funksjonar er gjensidig avhengige av kvarandre. Forstår ein korleis kroppen normalt verkar, vil ein og lettare forstå og kunne førebyggje sjukdom og helsefarlege tilstandar. Men helse har ikkje berre ei reint biologisk side. Heile livssituasjonen og miljøet til mennesket spelar inn, og det har samanheng med økonomiske, politiske og samfunnsmessige forhold. Helseomgrepet bør derfor behandlast tverrfagleg. Bygnaden og funksjonen til kroppen: Hud. Skjelett. Musklar. Bindevev. Fordøyingsorgan. Andingsorgan. Transportsystem. Ekskresjonssystem. Hormonsystem. Nervesystem. Kjønnsorgan. Fysisk og mental helse: Fysisk fostring. Ernæring og kosthald. Hygiene. Menneskeleg vekst og utvikling frå spedbarn til vaksen, fysisk og mentalt. Sjukdommar og medisinar: Vanlege sjukdommar og dei viktigaste årsakene og mekanismane. Bakteriar og virus. Immunapparatet i kroppen. Vaksinar. Viktige medisinar. Folkemedisin og nyare medisin. Kirurgien og «reservedelsmennesket». Folkesjukdommar før og no. Alkohol, narkotika, tobakk og andre skadelege stoff. Allergiar og den kjemiske kvardagen vår. Fyrstehjelp. Førebyggjande medisin. Kva miljøet har å seie for helsa: Naturmiljø. Bumiljø. Skole- og arbeidsmiljø. Støy og ureining. Førebyggjande arbeid i samfunnet. SANSANE VÅRE Hovudemnet skal gje elevane kunnskapar om sansane våre og korleis dei fungerer. Sansane gjev oss kontakt med verda omkring oss. Sansing er omforming av ulike slag energi frå omgjevnadene til elektriske impulsar som vert tolka av ulike delar av hjernen. For å forstå korleis sansane verkar, må ein nytte kunnskapar frå alle naturfaglege disiplinar. Lærestoff som tradisjonelt høyrer heime i fysikk og kjemi, kan setjast inn i ein meiningsfylt samanheng med eit slik biologisk utgangspunkt. Høyrsel og lyd: Lyd og lydkjelder. Lydstyrke og tonehøgd. Oppbygginga og funksjonen til øyra. Høyrsel, høyrselssvekking, høyreapparat. Røysta som lydkjelde og høyrselen og lydane til dyr. Musikk og musikkinstrument. Elektronisk lyd og musikk. Støy og støymåling. Lagring og attgjeving av lyd på plater, band, laserplate. Tekniske uttrykk for lydanlegg og lydattgjeving. Syn og lys: Korleis auga er bygt og fungerer. Auga som optisk instrument. Synssansen til ulike dyr. Lys og fargar, det synlege og det usynlege spekteret,
Skann 229 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 227». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/229/