SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 20 skann 22

dei har ei vurderande haldning til informasjonsstraumen og påverknader dei vert utsette for. Skolen må hjelpe elevane til å oppdage at dei verdiane og normene skolen byggjer på, kan vere haldepunkt når dei sjølv må ta standpunkt til påverknadskreftene i samtida. Skolen i lokalsamfunnet God kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet er viktig på fleire måtar: * Skolen har som samfunnsinstitusjon medansvar i arbeidet med å utvikle og verne om eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. * Skoleanlegget, den kulturelle aktiviteten i skolen og dei tilboda skolen representerer som aktivitetssenter for alle generasjonar og ulike grupper, bør nyttast som ein viktig fellesressurs i lokalsamfunnet. * Skolen må nytte nærmiljøet og lokalsamfunnet i opplæringsarbeidet sitt. * Skolen skal stimulere elevane til å vere aktivt med i praktisk, sosialt og kulturelt liv i lokalsamfunnet. Medansvar for oppvekstmiljøet Oppvekstmiljøet vert forma og påverka av mange instansar og institusjonar i samfunnet, av heim og skole, kyrkje og kyrkjelyd, ulike organisasjonar, arbeidsog næringsliv, kommunale etatar o.a. Det er viktig med kontakt og samarbeid mellom ulike instansar som har med oppvekstmiljøet å gjere, slik at det kan verte ein mest mogleg einskapleg, felles innsats for gode oppvekstvilkår. Grunnskolen er ein viktig del av oppvektsmiljøet til barn og unge. Skolen må vere med på eit samarbeid for eit godt oppvekstmiljø. Sidan han har nær kontakt med alle barn og unge, har skolen særlege føresetnader for å skaffe seg kunnskapar om oppvekstforholda. Det er kunnskapar som kan gje skolen gode sjansar til å ta seg av behova barna har, både gjennom arbeidet i skolen, og ved at skolen kan formidle slik kunnskap til andre instansar i lokalsamfunnet. På den måten kan skolen gjere sitt til at planlegging og utvikling av lokalsamfunnet tek omsyn til kva behov barna har. Det medansvaret skolen har for oppvekstmiljøet, er primært knytt til skolen som etat. Forskriftene for grunnskolen inneheld nærare retningslinjer for kontakt og samarbeid mellom personar og organ i skolen og tenester og etatar osv. i lokalsamfunnet. Slike kontaktfunksjonar er tillagde både personalet i grunnskolen generelt, samarbeidsutvalet, foreldrerådet, den sosialpedagogiske tenesta, den pedagogiske rettleiingstenesta, den pedagogisk-psykologiske tenesta og skolestyret. Til saman understrekar dette at skolen er forplikta til å samarbeide innanfor gjevne rammer med andre organ som har med barn og unge å gjere i lokalsamfunnet. God kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet har verdi ikkje berre for skolen, men kan og vere positivt for lokalmiljøet. Gjennom det arbeidet skolen gjer, og dei aktivitetane han kan setje i gang, er han med på å skape kontakt mellom menneske og byggje bru mellom generasjonar. I samarbeid med foreldra bør skolen ta kontakt med instansar som har ansvar for fritidstilbod for barn og unge og for leike- og aktivitetstilbod. Ved å stille lokale og uteareal til disposisjon kan
Skann 22 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 20». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/22/