SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 226 skann 228

226 Atmosfæriske forhold. Høgtrykk og lågtrykk. Meteorologi. Satelittar og moderne vervarsling. Verdien av vatnet: Kva vatnet har å seie for liv. Dei spesielle fysiske og kjemiske eigenskapane ved vatnet. Krinsløpet til vatnet. Ulike skyformer, danning av ulike typar nedbør. Istider og korleis isbreane varierer. Endringar i ver og klima: Klimaendringar i historisk perspektiv, globale og lokale endringar. Årsakene til ørkenframveksten og moglege mottiltak. Menneskelege inngrep, forstyrra termisk balanse, spreiing av ureiing, mottiltak. LIV, ARV OG UTVIKLING Det har alltid vore stor interesse for korleis livet utviklar seg på jorda, og kva plass mennesket har i denne samanhengen. Det har stått strid om korleis mennesket har utvikla seg gjennom historia. Skolen må opplyse om at det ikkje finst noko endeleg vitskapleg svar når det gjeld historia til menneskeslekta, og at det ikkje treng vere noko motsetningsforhold mellom naturvitskaplege teoriar og den bibelske læra om skapinga. Elevane må få kunnskapar om menneskeleg forplanting, arveforhold og utvikling. Det vil vere naturleg å studere dette frå fleire faglege synsvinklar. Desse spørsmåla er grunnleggjande for korleis menneska forstår seg sjølv, og for kva verdsbilete dei dannar seg. Samtidig må arbeidet med dette emnet leie fram mot og gjere det klart at alle har medansvar for utvikling, oppvektsmiljø og framtidsvon for nye generasjonar. Utviklingslære: Teoriar om opphavet til livet. Tidlege livsformer. Variasjon, mutasjon og naturleg utval. Kritikken av utviklingslæra. Livsformer i dag. Nytt liv: Forplanting. Hormon. Kjønnsorgan. Pubertet, menstruasjon, pollusjon. Befrukting, fosterutvikling, fødsel. Kva behov, vekst og utvikling barnet har. Prevensjon. Abort. Respekt for liv. Arv: Kromosom og gen. Dominerande eigenskapar og vikande eigenskapar. Arvelege sjukdommar. Arv og kjønn. Manipulering med arveanlegg. Biologiske forsøk. Etiske grenser. DYR OG PLANTAR - BYGNAD, LEVEVIS OG MILJØ Hovudemnet skal gje elevane kunnskapar om dyre- og planteliv i naturen. Ulike livsformer er på svært mange måtar tilpassa miljøet sitt. I dei ulike biotopane er livsfunksjonane, bygnaden og leveviset til dyr og plantar tilpassa naturtilhøva og dei andre livsformene. Mennesket er ein del av dette samspelet. Det har nytta seg av overskotet frå naturen, men står og i fare for å øydeleggje samanhengane med inngrepa sine. Ved å oppleve glede over mangfaldet i naturen vil elevane få interesse for naturen og kjenne medansvar for utviklinga. Vanlege dyr og plantar: Lokale naturtilhøve. Vanlege dyr og plantar i nærmiljøet. Likskapar og ulikskapar: Plante- og dyreceller. Korleis plantane er bygde opp. Dyregrupper - likskapar og ulikskapar. Artar, slekter og familiar. Tilpassing til ulike miljø. Livsfunksjonar: Solstråling, fotosyntese og plantevekst. Bakteriar og nedbryting. Næringsopptak og energiomsetning hjå plantar og dyr. Anding hjå plantar og dyr i luft og i vatn. Transportsystem hjå plantar og dyr. Forplanting. Mangfaldet i naturen: Livsvilkår for ulike artar og gjensidig avhengig forhold. Næringskjeder og næringsnett. Ulike biotopar.
Skann 228 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 226». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/228/