SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 225 skann 227

225 8. Mønsterplan. Nynorsk FRAMSTILLING OG OMFORMING AV DATA Informasjon og omfattande datamengder kan ofte omformast slik at meiningsinnhaldet går klarare fram. Det gjer ein mykje i naturfaga, og ofte også i andre fag, i forbrukarinformasjon, massemedium 0.1. Det er viktig å kunne forstå informasjon som vert presentert på ein slik måte, og det er viktig sjølv å kunne formidle data og idear til andre ved slike metodar. Framstelling av informasjon ved hjelp av symbol vert stadig vanlegare i samfunnet vårt (kjemiske symbol, vaskerettleiingar, bruksrettleiingar, varefakta, trafikksymbol osv.). I denne samanhengen bør elevane kjenne ulike standardsymbol, einingar og forkortingar som vert brukte i naturfaga for å formidle informasjon på ein knapp og konsis måte. Diagram: Grafar. Histogram. Sektordiagram. Tabellar. Symbol: Sl-einingar. Ulike standardsymbol og konvensjonar. Forbrukarinformasjon og varefakta. Varselmerking. DET FYSISKE VERDSBILETET VÅRT Gjennom arbeidet med dette emnet skal elevane få kjennskap til universet. Det naturvitskaplege biletet av den fysiske verda vår har alltid hatt mykje å seie for forståinga av vår plass på jorda. Det uendeleg store og det uendeleg vesle, både i tid og rom, kan gje rom for spekulasjon, fantasi og undring, noko som er viktig i all naturvitskap. Temaet kan og kaste lys over det at vitskaplege oppfatningar ikkje er noko endeleg og avslutta, men at dei er i vekst og utvikling, og at dei ofte heilt må revurderast. Solsystemet: Sola, månen og planetane. Sola som energikjelde. Klima og årstider på jorda. Ulike tidsrekningar. Månefasane. Sol- og måneformørking. Kometar og meteorittar. Nordlys. Reiser i solsystemet vårt. Historisk utvikling av idear. Universet utanfor solsystemet: Stjernebilete. Stjerner og galaksar. Opphavet til og utviklinga av universet. Stråling frå verdsrommet. Mikrokosmos: Partikkelmodell for faste stoff, væsker og gassar. Mikroverda. Stråling frå atom. Atomkjerneenergi, fisjon og fusjon. «Atomknusing» og nyare forsking. VER OG KLIMA Arbeidet med dette hovudemnet må hjelpe elevane til å forstå at det er nær samanheng mellom klimatiske forhold og livsvilkår. Faktorar som sollys, temperatur, vind og nedbør, og korleis dei varierer gjennom året, er avgjerande for kva slags plantar og dyr som kan leve på ulike stader. Vi er opptekne av veret frå dag til dag, sidan det har noko å seie for vår eiga utfalding i leik, arbeid og fritid. Derfor ligg vilkåra godt til rette for å lage naturfagundervisning med veret som utgangspunkt. Meteorologien sameiner kunnskapar og metodar frå dei ulike naturvitskapane. Dette hovudemnet bør behandlast tverrfagleg. Lokale ver- og klimaforhold: Måling av temperatur, trykk, nedbør, vass- og snødjupn, vind og liknande over kort og lang tid. Statistisk fordeling, gjennomsnittsverdiar. Samanlikning med andre stader. Kva topologiske og andre lokale forhold har å seie, grunnvatn, vegetasjon 0.1. Globale klimaforhold: Klimasoner. Energibalansen på jorda. Hav- og vindstraumar.
Skann 227 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 225». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/227/