SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 224 skann 226

224 røynsler til skolen. I dømevalet sitt bør læraren ta omsyn til dette, slik at elevane i utgangspunktet stiller mest mogleg likt. Eksperiment og forsøk er det sentrale i naturvitskaplege metodar. Der direkte observasjonar i naturen ikkje strekk til, kan vi skape situasjonar der vi kan studere eit saksforhold. Ofte har vi meiningar eller idear og vil undersøkje om dei held. Elevane må få høve til sjølv å formulere og forfølgje problem med slike metodar. Det kan gjerne vere heilt enkle problem. Det viktige er at elevane ven seg til at dei kan spørje naturen om svar. Slik kan dei få styrkt trua på at det er mogleg for dei sjølv å finne ut av problem, og dei vil forstå at i naturvitskapen er det naturen sjølv som er den faglege autoriteten. I samband med eksperiment kan ein og utvikle forståing for kor viktig det er å kontrollere ulike variablar. Sanningsverdien i generaliseringar og logiske slutningar må og vurderast kritisk. Det kan ein gjere med enkle døme som er tilpassa elevane etter kor modne dei er. Elevane kan til dømes diskutere i grupper kva dei eigentleg kan slutte ut frå observasjonane sine eller ut frå eit forsøk. Observasjonar leier ikkje av seg sjølv til ny kunnskap. Dei må ordnast og systematiserast, og ein må finne fram til mønster. Målet for vitskapen er å kome fram til generelle drag og årsakssamanhengar. Like viktig er det å få fram det motsette: at dei observasjonane ein gjer, er farga av det ein på førehand oppfattar som viktig ved eit fenomen. Ein ny teori fører til at ein ser på den same røyndommen med nye augo. Dette kreative vekselspelet mellom idé og røyndom, teori og røynsle står sentralt i vitskapleg utvikling. Derfor må ein unngå å framstelle vitskapen som reint logiske slutningar ut frå observasjonar som vert oppfatta som objektive og uavhengige av teori. Hovudemne og delemne OBSERVASJONAR OG FORSØK Innhenting av data gjennom observasjon og ved bruk av måleinstrument er sentralt i naturvitskapane. Slik dugleik er og viktig i daglegliv og arbeidsliv. Måling og veging med hushaldningsapparat kjem naturleg inn her. I naturvitskap må vi ofte innhente informasjon systematisk gjennom forsøk og eksperiment, for seinare å dra slutningar ut frå informasjonen. Denne arbeidsmåten bør brukast innanfor alle delar av naturfaget. Elevane må sjølv få høve til å formulere problem, som dei så kan undersøkje ved enkle forsøk. Dei må og kunne vurdere kor nøyaktige målingar og observasjonar er, og dei må vurdere om slutningar er fornuftige og gyldige. Observere: Registrering av likskapar og ulikskapar. Sortering og klassifisering. Bruk av bestemmingsnøklar. Bruke måleinstrument og laboratorieutstyr: Praktisk bruk av måleapparat for masse, lengd, tid, kraft, trykk, temperatur, surleik, elektrisk straum og spenning. Einingar og måltal. Avlesing av skalaer. Arbeidsrutinar og tryggingsreglar. Utføre og vurdere forsøk: Planleggje og gjennomføre undersøkingar både ute og inne. Vurdere usikre faktorar i observasjonar og målingar. Generalisere og finne mønster i observasjonar og målingar. Vurdere om resultat og slutningar er gyldige.
Skann 226 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 224». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/226/