SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 221 skann 223

221 Mål Undervisninga i naturfag skal ta sikte på å hjelpe elevane til at dei gjennom refleksjon og praktisk arbeid skal oppleve glede, få stimulert fantasien sin og utvikle sjølvstendet og sjølvtilliten sin - å hjelpe elevane til å utvikle respekt for og samkjensle med liv, natur og nærmiljø å hjelpe elevane til å utvikle haldningar og kunnskapar som fører til medansvar for bruk av naturressursar og teknologi, både lokalt og i verdssamfunnet - å formidle kunnskapar, dugleik og haldningar som trengst for at ein skal kunne ta vare på helsa og livssituasjonen både for seg sjølv og andre - å formidle at naturvitskap og teknologi er viktige element i kulturen vår, og at dei har både positive og negative sider - å formidle kunnskap om naturvitskap og teknologi som har noko å seie i daglegliv og samfunnsliv å gje elevane røynsle med og forståing av naturvitskaplege arbeidsmåtar og øving i å bruke viktige måleinstrument og eksperimentelt utstyr å halde ved lag og utvikle interessa og nyfikna overfor naturfenomen, naturvitskap og teknologi både hjå jenter og gutar Lærestoff og progresjon Naturfag på ungdomssteget byggjer på det grunnlaget som er lagt gjennom undervisninga i orienteringsfag på barnesteget. Lærestoffet er ordna i fjorten hovudemne. Kvart av emna har ei skildring som gjev ei kort fagleg og pedagogisk utdjuping og grunngjeving for emnet. Naturvitskapane er baserte på observasjonar og eksperiment, og ein kan ikkje isolere det ein veit, frå korleis ein kan finne det ut. Det kjem fram både i formåla for faget og i dei ulike måla, der faglege arbeidsmåtar og metodar er like sentrale som kunnskap om konkrete saksforhold. Dei to fyrste hovudemna omhandlar faglege metodar, prosessar, teknikkar, dei andre tolv behandlar faglege tema. Skiljet mellom prosess og innhald er likevel ikkje skarpt, sidan til dømes bruk av måleapparat og krev kunnskap om skalaer, måleiningar og det fenomenet ein måler. Men ein har å gjere med to ulike dimensjonar ved faget. Det vil seie at metodane må brukast på dei faglege temaa. Kva metodar som skal brukast, kjem an på kva innhald ein arbeider med, men det er viktig at dei faglege metodane kjem til uttrykk gjennom behandlinga av alt fagleg innhald. Med metodar meiner ein her både teknisk dugleik og dei logiske metodane ved overgangen frå premissar til konklusjon. Undervisninga i naturfag byggjer på at skolane har naturfagrom med variert eksperimentelt utstyr. Hovudemna følgjer ikkje tradisjonelle naturfaglege skiljelinjer, og intensjonen er at undervisninga skal vere fagleg integrert. Under behandlinga av eit hovudemne dreg ein derfor inn lærestoff frå dei ulike fagdisiplinane. Det faglege tyngdepunktet i eit hovudemne kan likevel vere anten i biologi, fysikk eller kjemi. Dei hovudemna som gjeld prosessar, vil vere samanbindande for behandlinga av alt fagleg innhald.
Skann 223 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 221». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/223/