SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 220 skann 222

KAPITTEL 28 220 NATURFAG 7.-9. KLASSE Historia om menneskeætta er i stor grad ei historie om vekselverknaden vår med naturen. Menneskekunnskapar har gjeve reiskapar og produksjonsmiddel som har ført til materiell utvikling og lagt grunnlaget for utvikling av kultur. Kunnskapen om naturen har og vore med på å forme vårt eige fysiske verdsbilete og gjeve oss forståing av vår eigen plass i verda. Den naturvitskaplege historia er derfor uløyseleg knytt til historia om menneskeætta, og naturvitskapen er både ein føresetnad for og ein viktig del av kulturen vår i dag. Gjennom historia har menneska tilpassa livet sitt til dei føresetnadene naturen gjev, men dei har og forma om naturen og tilpassa han til menneskelege behov. Både før og no er den fine balansen i naturen trua ved inngrepa våre. Naturvitskap og teknologi er i dag ein føresetnad for heile livsforma vår, men dei same kunnskapane er og eit trugsmål mot framtida. Ved å lære om samanhengane i naturen og om både dei positive og destruktive utvegane som ligg i naturvitskap og teknologi, vil elevane kunne få dugleik, kunnskapar og haldningar som er nødvendige for det daglege livet og for å påverke utviklinga av framtidssamfunnet. Det gjeld både lokalsamfunnet, det norske samfunnet og verdssamfunnet. Også i dagleglivet treng vi kunnskapar i naturfag, både for å ha utbyte og glede av naturopplevingar, for å ta vare på eiga og andre si helse og for å kunne bruke og kritisk vurdere tekniske hjelpemiddel, forbruksvarer og nye produkt. Det som framfor alt kjenneteiknar naturvitskapen, er metodane, prosessane og teknikkane. Desse sidene ved naturfaget er viktige både for faginnhaldet og for dei arbeidsmåtane ein bruker i undervisninga.
Skann 222 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 220». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/222/