SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 219 skann 221

219 FRED OG INTERNASJONAL FORSTÅING Emnet skal vere med på å utvikle kunnskapar om fred og konfliktar både mellom menneske, grupper og nasjonar. Haldnings- og dugleikssida er og viktig. Elevane må få kunnskapar om kva menneskerettane inneber, og om vilkåra deira i verdssamfunnet. Ein viktig del av arbeidet er å analysere ulike typar av konfliktar, som varierer med både tid og stad. Elevane bør få trening i å leite etter årsaker til konfliktar, og dei må få innsikt i korleis ein kan hindre, gjennomarbeide og løyse konfliktar, eventuelt korleis ein kan leve med konfliktar. Konfliktar i skolesamfunnet kan brukast som eit konkret utgangspunkt. Hovudaspekt ved store internasjonale konfliktar mellom aust og vest og mellom nord og sør -må fram i lyset, og ein må ta opp ulike måtar å arbeide på for å skape ei trygg og rettferdig verd. FNs rolle må særleg understrekast. Ein må informere om kva Noreg kan gjere for å fremje avspenning. Undervisninga må gje ei sakleg, allsidig og balansert framstelling. Arbeidet med emnet må vere med på å gje elevane eit globalt perspektiv, lære dei å forstå korleis landa er gjensidig avhengige av kvarandre, og kvifor internasjonalt samarbeid er nødvendig. Emnet bør setjast i samanheng med dei tre føregåande hovudemna. Dei gjev eit viktig kunnskapsgrunnlag for å forstå ulike typar av konfliktar og vilkår for å skape fred i verda. Det pluralistiske samfunnet: Å leve saman med menneske med andre religionar og livssyn. Åndsfridom og toleranse. Fellesverdiar med tilknyting til FNs verdsfråsegn om menneskerettane. Menneskerettane: Verdsfråsegna - ideal og røyndom. Fridoms- og fredsomgrepet. Kva einskildmenneske, organisasjonar og statar gjer. Fred og konfliktar mellom menneske: Direkte og indirekte vald og konfliktar - årsaker, konsekvensar og løysingar. Samarbeid og fellesskap, oppseding til fred. Fred og konfliktar mellom nasjonar: Ulike typar av konfliktar, konfliktanalyse og løysingsmodellar. Historiske døme og notidsdøme. Statar og suverenitet. Folkerett. Internasjonal politikk: Aust-vest-konflikten, våpenkappløp og nedrustingsarbeid. Nord-sør-konflikten, avhengig forhold og maktforhold. Norsk forsvar. Forsvarsalliansar. Norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Fredsarbeid: Økonomisk, sosialt og kulturelt samarbeid mellom einskildmenneske, land og regionar. FN. Internasjonalt hjelpearbeid: Frivillige organisasjonar. Misjon. NORAD. Verdsbanken.
Skann 221 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 219». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/221/