SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 218 skann 220

218 VERDA UTANFOR EUROPA Emnet skal gje elevane kunnskapar om verda utanfor Europa, om dei ulike verdsdelane og eit utval av land og regionar. Elevane bør lære å finne fram til årsaksforhold, naturgjevne og menneskeskapte, som kan forklare og gje forståing av dei store variasjonane i geografiske miljø, i menneskelege levevilkår og levemåtar. Arbeid med kart bør stå sentralt. Behandlinga av regionane bør få ei historisk forankring. Ein bør leggje stor vekt på aktuelle samfunnsforhold. Stoffutvalet må tilpassast særdrag i dei ulike regionane. Elevane må få kunnskapar om ulike kulturar og det kulturelle mangfaldet som pregar verdssamfunnet. Eit sentralt siktemål er å gje elevane kunnskapar om utviklingslanda. Ein må kaste lys over fattigdomsproblema i verda, med utgangspunkt i situasjonen for både fattige og rike land, og utviklinga deira. Det at landa er gjensidig avhengige, bør ein sjå i historisk samanheng. Arbeidet med hovudemnet må hjelpe til å utvikle toleranse og respekt for menneske med annan kulturbakgrunn, og forståing for menneske frå andre kulturar som buset seg i vårt eige land og i vårt eige lokalsamfunn. Stoff frå dei ulike delemna bør kombinerast i undervisninga. Kulturmøte og kulturområde: Historisk utvikling oppdagingar, inn- og utvandring, kontakt mellom folkeslag. Dagens situasjon - etniske grupper. Kulturar, identitet og konfliktar. Minoritetar og rasisme. Innvandrarar. Regionar: Eit representativt utval av land i Søraust-Asia, Afrika og Latin- Amerika. Nord-Amerika. Australia. Sovjetunionen. Kina. Japan. India. Rike og fattige land: Frå gammal kultur til utviklingsland. Koloniar og kolonitid. Avkolonisering. Nye nasjonar. Naturgrunnlag og levekår. Ressursar og ressursfordeling. Økologiske endringar. Helse og ernæring. Befolkning og busetjing. Migrasjon. Næringsliv og handel. Økonomiske strukturar og overføringar. ANDRE RELIGIONAR OG LIVSSYN Arbeidet med emnet skal gje elevane kunnskapar om andre religionar og livssyn. Elevane må verte klare over kva ein religion er, og kva det vil seie å ha eit livssyn, og dei må få innsikt i kva livssynet har å seie for einskildmennesket. Religion som kultur- og samfunnsfaktor i ulike delar av verda bør særleg kome fram. Utfordringane i det pluralistiske samfunnet, der ulike religionar og livssyn er representerte, vil vere eit sentralt tema. Minoritetane sin situasjon i denne samanhengen bør takast opp, særleg med tanke på innvandrarane i vårt eige land. Kva toleranse og åndsfridom inneber, og korleis vi kan vise dette i praksis, vil vere eit viktig spørsmål. Undervisninga må hjelpe elevane til å forstå og respektere ulike oppfatningar i livssynsspørsmål. Emnet bør sjåast i nær samanheng med hovudemnet verda utanfor Europa, fordi kunnskap om religionar er viktig for å forstå framande kulturar. Emnet bør ein og samordne med nærskyldt hovudemne i kristendomskunnskap. Religion - individ - samfunn: Kva religionane og livssynet har å seie for einskildmennesket. Religionen som kultur- og samfunnsfaktor. Andre religionar og livssyn: Jødedommen. Islam. Hinduisme. Buddhisme. Sekulære livssyn. Ateisme. Agnostisisme.
Skann 220 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 218». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/220/