SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 217 skann 219

217 medvit om meiningar, verdiar og røyndomsbilete som vert formidla. Elevane bør få lære korleis dei på ein konstruktiv måte kan dra nytte av media, for mellom anna å skaffe seg informasjon. Det vil vere naturleg med ei samordning med forming når det gjeld arbeid med ulike uttrykksformer og medium. Ein må stimulere elevane til ei kritisk og vurderande haldning til informasjonsstraumen og mediepåverknadene. Å utvikle eit medvite forhold til data- og mediesamfunnet er eit sentralt siktemål. Kommunikasjon: Kommunikasjonsprosessen. Mellommenneskeleg kommunikasjon. Kommunikasjon i skolesamfunnet og nærmiljøet. Massemediekommunikasjon. Massemedium og informasjonsteknologi: Medietypar. Form og verkemiddel. Mediebruk og verdiar, haldningar, meiningar. Informasjon og påverknad. Informasjonsbehandling i datateknologien. Personvern. Verknader på samfunnet. Samfunnet og kunsten: Kunsten i Noreg og verdskunsten. Epokar og stilretningar i kunstutviklinga. Store kunstnarar frå musikk, biletkunst, teater og film. Kulturinstitusjonar. Medieutviklinga i framtida: Kommunikasjon i verdssamfunnet. Nye medium. Nasjonal og lokal kultur og internasjonal påverknad. Mediemakt. Emnet må gje elevane forståing for korleis endringar har vore ein samanhengande prosess frå dei eldste tidene til i dag. Elevane må derfor kort få gjennomgått dei store historiske linjene frå Egypt, Hellas og romartida og fram til i dag. Hovudvekta må leggjast på tida frå 1750. Sentrale regionar og statar som har hatt mykje å seie for den historiske utviklinga i Europa, bør takast opp. Ein må leggje stor vekt på utviklingsdrag, fenomen og hendingar som kan kaste lys over forhold i Europa i dag. Utvikling og ekspansjon i Europa bør setjast i samanheng med utviklinga i det internasjonale samfunnet. I arbeidet med historie bør ein freiste å utvikle ei fagkritisk haldning, slik at elevane prøver å vurdere det biletet av verda som vert presentert for dei. Emnet må gje elevane kunnskapar om utvalde regionar og land i Europa. Ein må sikte mot at elevane får grunnleggjande kunnskapar om det geografiske miljøet folk lever i. Bruk av kart og enkle modellar bør stå sentralt. Gjennom ulike måtar å studere menneskeleg røyndom på vil ein kunne finne fram til årsaksforhold og samanhengar som forklarer levevilkåra og levemåten til folk. Stoffutvalet må tilpassast særdrag i regionen. Frå dei eldste tidene til 1750: Utviklingslinjer, Egypt, Hellas, Romarriket. Folkevandringar. Mellomalderen. Striden pave-keisar. Reformasjonen. Einevelde. Opplysningstid. Omdanning og ekspansjon: Europa frå 1700-talet til fyrste verdskrigen. Økonomiske, sosiale, politiske og kulturelle endringar. Revolusjonar. Kolonimakter. Krigar og kriser: Frå fyrste verdskrigen til «den kalde krigen». Verdskrigane. Endringar i maktforhold mellom statar. Avkolonisering. Blokkdanningar og internasjonalt samarbeid. Europa i dag: Norden. Andre sentrale regionar og land. Naturforhold og levekår. Ressursar og ressursutnytting. Økologiske endringar. Befolkning og busetjing. Næringsliv, økonomi og handel. Kultur. Politisk system. EUROPA
Skann 219 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 217». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/219/