SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 19 skann 21

19 tLVtKUM LÆRERHØGSKOLE iiftLIOTEKET livsvilkåra til menneske i andre delar av verda kan skolen hjelpe elevane til å sjå korleis landa er gjensidig avhengige av kvarandre, og til å verdsetje samarbeid mellom folk og nasjonar. Skolen må fremje forståing for at det er nødvendig med felles innsats for å møte framtidige utfordringar. Derfor er det viktig at skolen legg vekt på å utvikle elevane si evne til å samarbeide og til å løyse oppgåver i fellesskap. Kulturell samanheng Svært mykje lærer dei unge utanfor skolen - i kontakt med foreldre, sysken og jamaldringar, gjennom fritidsaktivitetar og påverknad frå massemedium. Opplevingar og røynsler frå miljø utanom skolen er med på å forme den innstillinga dei unge har til skolen, og åtferda deira der. Skolen må ta omsyn til og bruke barnekulturen, med samværeformer og uttrykksmåtar som omfattar leik, språk, song o.a. Barnekulturen er ein ressurs i læringssamanheng, og er særleg viktig for den sosiale utviklinga åt barna. Skolen får elevane sine frå alle samfunnslag og frå ulike lokalsamfunn. Heimane kan vere nokså ulike når det gjeld økonomisk og sosial status, sed og skikk, meiningar og livssyn. Elevane kan derfor ha svært ulik røynslebakgrunn. Det er nødvendig at skolen tek omsyn til kulturelle og sosiale ulikskapar. For tryggleiken, identiteten og læringa til elevane er det viktig at det er samanheng mellom kulturbakgrunnen deira og det kulturelle innhaldet som skolen skal formidle og som arbeidet vert prega av. Skolen må derfor ta utgangspunkt i røynsler barna har frå oppvekstmiljøet sitt. På den måten vil det dei lærer i skolen, lettare opplevast som meiningsfylt og røyndomsnært. Men det er ikkje meininga at skolen kan eller skal formidle berre heime- eller lokalkulturen. Elevane må tidleg få lære å verdsetje den felles norske kulturarven. I den samanhengen bør og forholdet vårt til dei andre nordiske landa trekkjast inn. Men også minoritetskulturar må få sin plass i skolen. Samane står i ei særstilling blant etniske minoritetar i landet vårt. Samane har i særleg grad krav på at skolen byggjer på og tek omsyn til deira språk og kultur i undervisninga. I lokalmiljø med sterkt innslag av samisk kultur har skolen eit medansvar for å ta vare på samisk språk og samiske kulturtradisjonar. Jf. kapittel 4. Mange elevar i skolen har flytt hit frå andre land, og tilhøyrer språklege minoritetar. Desse elevane gjer det mogleg for oss å lære andre kulturar og folkeslag å kjenne. Det er ei utfordring for skolen når det gjeld å verkeleggjere ideala om åndsfridom, toleranse og internasjonal forståing. Skolen har ansvar for å leggje til rette ei undervisning som tek omsyn til ulike grupper i samfunnet vårt, slik at det vert språkleg og kulturell samanheng i utviklinga til barna. Jf. kapittel 5. Den nye data- og medieteknologien kan få store konsekvensar for læringa og utviklinga til barn og unge. Denne teknologien vil mellom anna gjere det lettare å få tak i informasjon enn tidlegare. Skolen må hjelpe elevane til å kunne nytte det utvida informasjonstilbodet på ein konstruktiv og reflektert måte. Det er viktig for å unngå at det oppstår nye kunnskapsskilje. Skolen må leggje vekt på å utvikle kritisk sans hjå elevane, slik at dei kan sjå både dei positive og dei negative sidene ved data- og medieteknologien, og slik at
Skann 21 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 19». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/21/